Ein liten fjølende – og ei lang historie

Ein liten fjølende kan sette tankane i sving.

Under opprydding i uthuset på hytta oppe på Tæla kom eg over denne fjølenden. Den stammar frå veggane i seterskjelet, som i si tid stod like ved.

Eg hengte opp klenodiet inne i hytta. Rett som det er blir eg ståande og sjå på den sirlege inskripsjonen. Ein bit av ei eldgammal panelfjøl. Men likevel så uendeleg mykje meir. Eit lite stykke tre kan fortelje ei lang og innhaldsrik historie.

Marit Øye, som vart gift med Ola K. Nordvik i Nistua på Nordvik, er den einaste attlevande av gammeltantene og -onklane mine. I 1926 var ho fem år. Dette var tredje sommaren ho var saman med med mor si Gudrun Øye, mi oldemor, på setra.

Under arbeidet med Kvenndalsboka gjorde eg eit intervju med gammeltante, der ho fortalde om opplevingane på setra som lita jente. Sjølv om seterlivet også baud på lyse avbrekk, var dette to månadar prega av slit frå tidleg morgon til sein kveld. I dag greier vi ikkje å sette oss inn i korleis denne verkelegheita eigentleg var.

Som det går fram av intervjuet i boka, tykte likevel vesle Marit det var greit å vere på setra. Ho trøydde tida med ein trekubbe som vart kalla Tordenskjold. Bekken like ved setra vart bruka til leikeplass.

Verre var det med mora. Ho hadde ungar på garden nede på Kvennbø, og skulle gjerne ha vore i lag med dei. Gudrun mjølka rundt tretti kyr for hand to gongar om dagen heile sommaren. I tillegg kom alt det andre arbeidet som drifta av setra førte med seg. Ho vart sliten. Marit fortalde at mora ein gong gret da mannen Sivert gjekk heim etter eit besøk.

No er det mange år sidan oldefar Sivert gjekk heim frå setra for siste gong. I 1946 vart det slutt med setringa her oppe. Men minna om det som ein gong var lever vidare. Eg vandrar ofte rundt på stølen. Da hender det at ei line frå Hans Hyldbakk sitt dikt «Haust e Øyalin» kjem for meg: «… de tyt å søng frå tøftå allå stan». Ja, det er mest så ein ikkje kjenner seg heilt åleine.

I 26 år har eg hatt hytte på stølen. Mykje har forandra seg opp gjennom åra. Men ikkje alt. Seterfolket hadde same utsikt mot fjella som eg har i dag. Snøflekkane borti Bollknubben og Sula ser likeeins ut no, som da dei som skulle bli mi oldemor og gammeltante heldt til her. Songen frå Fosså har alltid gått i same toneart. Det er mange trådar som bind saman fortid og notid.

Ja, til og med ein liten fjølende hjelper til med det.

Flytting til setra 10. juli 1924. Oldefar Sivert ved hesten midt på bildet. Marit på tre år skal ha vore med i dette følgjet.

#Seterliv

2 kommentarer om “Ein liten fjølende – og ei lang historie

  1. Uendelig fint skreve. Kjenner meg så godt att i dette. Eg har også hytte på stølen der familien min levde kvar sommar fram til bestemor var den siste budeia ca. 1965 og dyrehaldet var slutt. Men, dei held fram med å reise på fjellet fordi dei hadde bygd ei fjellstugu der i staden.
    Las også siste artikkelen din om kor fint du og kona har det, sjølv om ferien ikke byr på sol kvar dag. Og, om kor nøgd ein kan bli etter å gjera noko nødvendig som å sage ved. Det var så herleg å lese om. Det er virkeleg det gode livet slik også eg kjenner det!
    Ønskjer dykk begge to ein god ferie på stølen/hytta.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s