Hytteliv – uansett ver

Det er fredag ettermiddag. Vi er på veg til hytta. Regnet slår mot frontruta. Meteorologane spår skybrot seinare på kvelden.

– Det er kanskje muleg å finne dei som hadde avlyst hytteturen med slike verutsikter, seier eg til min beste halvdel.

Ho sit i setet ved sida av og strikkar.

– Heilt sikkert. Men den tanken har ikkje streifa meg, er svaret.

Det er greit å ha det slik. Eg og Mette bryr oss minimalt om veret. Vi kosar oss på hytta, uansett.

Det er ikkje bilveg til Tælastuå. 2,5 km og 300 høgdemeter må forserast til fots. Turen denne fredagen vart av det våte slaget. Det ausregna stort sett heile tida. Vi vart klissblaute. Da vi kom fram, var vi samde om at det hadde vore ein triveleg tur.

Vi gjennomfører det faste ritualet. Hente vatn. Tenne opp i omnen. Vaske seg og få på tørre klede. Fram med spekemat og tilhøyrande drikke. Radio, kortspel, fred og ro. Samtale. Ingenting er som ein fredagskveld på hytta.

Vi går til ro like over midnatt. Skodda ligg tett over landskapet. Det regnar og bles. I ei mørk og bister seinsommarnatt er det berre vi to. Med søget frå Fossåa som tonefølgje, og i håpet om at varselet om utverande ver laurdag stemmer, avsluttar eg og Mette dagen.

Når eg skriv desse linene, har det vorte laurdag kveld. Meteorologen spådde rett, og vi fekk ein fin dag i fjellet. I det gode arbeidsveret har vi fått rydda i uthuset, og all veden er kappa opp. Velstand!

Vi lever det gode liv i Tælastuå. Ingen saknar strøm. Ikkje TV. Ikkje oppvaskmaskin. Små gleder gjev kvardagen meining. Det enkle blir det store.

Vi ville ikkje ha bytta med nokon.

Veden ferdig oppkappa. Eit godt stykke arbeid.
Fossåa vaks fort da regnet kom.
Spekemat – eit fast fredagsritual.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s