Det gode liv i døropninga

Godt nøgd med meg sjøl, sit eg i døropninga på hytta og let tankane fare.

Kvifor eg er så nøgd? Det er fordi eg rakk å gje ytterdøra eit påkrevd strøk med beis før regnet kom.

No regnar det. Men takka vere at hyttebyggar Peder i si tid laga eit ekstra langt utspring på taket over inngangen, lir verken eg eller den nymåla døra nokor naud.

Eg har hytta og landskapet for meg sjøl denne helga. Ikkje eingong sauene som har kosa seg borti Fossafjellet i sommar er å sjå. Om eit par veker blir dei henta ned frå fjellet. For ein del av dei er nok ikkje framtida så lys…

Frå døropninga skuar eg ut over den vide og vakre Tæla. Terrenget er ikkje lenger einsfarga grønt. Innslaget av haustfargar er allereie tydeleg. Sjølv den makalause 2018-sommaren må gje tapt for årstidene sin evige syklus. Eg tenkjer tilbake på alle dei flotte sommardagane eg og Mette har fått oppleve på hytta i år, og gler meg over tanken på at det framleis er ei stund til sesongen er slutt.

Planen i dag var å rusle ein tur innover Tæla. Eg får sjå kva det blir til. Vedkløyving er også eit alternativ. Vêrgudane bestemmer. Med radio, kikkert og kaffekopp innafor rekkevidde, har eg det uansett ikkje så verst her i døropninga.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s