I eige selskap

Idet eg skriv desse linene, startar eg på fjerde døgnet som eremitt. Eg kom åleine fram til hytta tysdag. No senkar fredagskvelden seg over stølen. I morgon har eg tenkt meg tilbake til sivilisasjonen.

Eg har levd livet sakte dei siste dagane. For ein som har sprunge om kapp med klokka i over førti år, er det befriande å ha full kontroll over eiga tid. Eg treng ikkje å vere konstant pålogga. Her oppe på Tæla er det ingen som krev noko som helst av meg.

Det einaste eg har sett av levande skapningar dei siste dagane er nokre sauer, ein hoggorm, ei ugle og fem – seks ryper. Av desse er det berre sauene eg har samtala med. Sauene seier ikkje så mykje. Men dei er nysgjerrige og dei ser deg.

Å trivast i eige selskap har ingenting å gjere med det å vere sjølgod. Når eg av og til tek desse friminutta for meg sjøl i fjellheimen, er det ikkje for å dyrke egoet. Det handlar derimot om den gleda som ligg i å kjenne at ein, tross rikelege mengder med stress og kav, har taket på sitt eige liv. At det bak den uforutsigbare kvardagen framleis ligg ein balanse.

Eg fann eit blogginnlegg på nettet som omhandler det å sleppe einsemda innpå seg. Her vert det referert til filosofen Lars Svendsen, som seier at «det vanskelige med ensomheten er at man må klare å falle til ro i seg selv.» Godt sagt og presist oppsummert, vil eg meine. Enkelt? Nei, ikkje alltid. Men fleire burde prøve.

Kvelden sig på medan eg festar dette tankespinnet til telefonen. Eg førebur eit siste punktum, og søkjer meg fram til NRK Jazz på radioen. Utfordrande akkordar fyller hytta. Jazzmusikaren er på mange måtar som eremitten. Han må stole på seg sjølv. Når livet ikkje går etter oppskrifta, er det improvisasjonen som gjeld.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s