Late dagar, ei øy og ein slåttekar

Det er ein døsig laurdag ettermiddag. Vi er midtvegs i årets Kreta-ferie. Mette har gått opp i leilegheita. Eg vil tru ho sit på verandaen og strikkar. Sjølv ligg eg på ei solseng på stranda i selskap med Edvard Hoem. «Slåttekar i himmelen» er prima ferielektyre. Det er greit å ha god tid når ein les Hoem. Han seier mykje med få ord. Dessutan er språket i bøkene hans som den vakraste symfoni.

Vi held til ved strandbaren ManoEra. Dette er vår faste plass. ManoEra ligg på ein stille del av stranda. Dei som driv staden, Manolis og familien hans, er våre gode vener. Hos dei får vi solsenger, mat og drikke – samt massevis med omtanke og triveleg prat. Svært mange av gjestane på ManoEra er folk som kjem att år etter år. Vi er langt frå dei einaste som trivst her.

Løftar eg blikket opp frå boka ser eg ut over Middelhavet. Eit markant innslag i synsfeltet er Agios Theodoros. Øya er eit naturreservat som huser ein flokk med den utryddingstrua Kri-kri-geita. Ingen får lov til å gå i land her. Ein oppsynsmann, som også sørger for nok mat og vatn til dei om lag hundre dyra, passar på.

Ei historie fortel om ein mann som tok seg til rette og skaut ei av geitene. Triumferande la han ut eit bilde av byttet på Facebook. Ikkje lenge etter banka politiet på døra. Jegeren fekk 20.000 kroner i bot.

Den sida av Agios Theodoros som vender mot stranda vår er stupbratt, steinete og ugjestmild. På motsett side er landskapet flatare. Her finst det også litt vegetasjon. Geitene, som skal vere vanskelege å få auge på, oppheld seg i dette området.

Agios Theodoros er ein del av sjela til Platanias – denne late, sjarmerande og litt kaotiske byen som vi har vorte så glade i. I stille stunder på stranda, når eg let blikket kvile på øya, slår det meg at kjensla er den same som når eg sit på hytteverandaen og tek synet av majestetiske trollheimstoppar inn over meg. Tankane flyg. Sjela vert fylt med ro. Eg ser alt og ingenting på ein gong.

Ei veke igjen av opphaldet. Det er ein god tanke. Eg og Mette ser fram til dagar utan vidløftige planar og stramme tidsskjema. Det meste blir som det blir. Strandliv og gode stunder saman med folket på ManoEra. Trivelege middagar på Mythos. Litt handel. Ein trimtur kvar morgon. Ei utflukt til vakre Chania. Ja, slik er det vi innrettar livet. Og vi er skjønt samde om at annleis skal det heller ikkje vere.

Knut Hansen Nesje, som Edvard Hoem skriv om, strevde seg gjennom eit anna liv. Det vekkjer ettertanke å lese om slike karar når ein lever sorglaust på ei strand ved Middelhavet. Ikkje ofte nok blir vi påmint om at den velstanden vi i dag nyt godt av, og som gjev oss råd til kostbare sydenturar, byggjer på slit og forsaking frå menneske gjennom hundrevis av år.

En kommentar om “Late dagar, ei øy og ein slåttekar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s