Haust, messefall og krabbe

Mellom bygene vart det ein rusletur langs Fossåa.

September berre forsvann. Dei to første vekene levde vi det gode liv på Kreta. Dagane som har gått etter at vi kom heim tok vinden og regnet.

Ofte er det slik at ingen månad kan måle seg med september. Eg brukar å seie at dersom veret slår til, er helga rundt 20. september den aller finaste hyttehelga gjennom heile året.

Det bar til fjells denne helga i år og. Men vergudane var ikkje nådige. Vi fekk lurt vedstabelen ved uthusveggen innomhus. Elles vart det innesyslar. Og det er heller ikkje verst, når sant skal seiast. Når selskapet er godt og bjørkeveden knitrar i omnen, er det berre triveleg å høyre at vinden uler rundt hyttenovene.

Sist helg hadde eg planar om hyttetur i eige selskap. Men det vart med tanken. Det er ikkje ofte eg blautar. Men sjøl eg, som høyrer til blant dei som festar berre så måteleg med lit til vermeldingane, forsto til slutt at det beste var å halde seg heime. Det vart messefall på Tæla.

Eg har tenkt å gjere eit nytt forsøk om eit par veker. Det blir nok finalen på Tæla for i år. Det har vore ein lang og triveleg hyttesesong. Som vanleg.

Avlysing av hytteturen ga ei avslappande og koseleg helg heime. Her ute i havgapet høyrer haust og krabbe uløyseleg saman. Laurdag vart det difor krabbekalas. Og som om ikkje det var nok: Søndag følgde husfrua opp med fårikål – før Molde toppa dagen med å slå Rosenborg. Det vart liksom ikkje måte på med velstand.

Hausten har sine lyse sider. Definitivt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s