Sistkveld i Tælastuå

Sakte sig sistkvelden på her oppe på Tæla. I morgon er ein lang og minnerik hyttesesong slutt. Tida fer fort. Eg tykkjer ikkje det er lenge sidan den første turen i år, som var midt i mars.

Sidan Tælastuå står på ein seterstøl, tykkjer eg det passar godt å bruke ordet sistkveld. I gamle dagar markerte sistkvelden slutten på setringa. Folk kom opp frå bygda, og det vart laga til leik og moro. For budeier og gjetarar var to månadar med lange dagar og mykje arbeid over.

Leik og moro kan eg vel ikkje seie at det er så mykje av i Tælastuå denne laurdagskvelden. Men stemninga er god. Eg sit åleine, og let freden fylle kropp og sinn. Hytta og landskapet er innhylla i skodde og haustmørke. Regnar gjer det også.

I dag vart det ein tur opp til Fintenkjarplassen. Eg hadde med kaffe og kikkert, og tok meg god tid. I det milde vêret kunne eg gå i bar overkropp!

Seinare kom min hyttenabo og gode ven Bjarne på besøk, før eg avslutta uteaktivitetane med ein rusletur langs Fossåa. Fossåa er ein viktig del av livet her oppe på Tæla. Her badar vi og finn drikkevatn. Finare solingsplass enn berget ovanfor den vesle fossen går det ikkje an å finne. Og hit tek vi med god mat og drikke når vêret innbyr til utelunsj.

Om ikkje lenge skal Fosså forsvinne under snø og is. Men lysare tider er alltid i vente. Vetter må for vårsol røma, og Fossåa kan nok ein gong fylle Tæla med sitt vårsøg. Slik er denne evige syklusen.

Sistkvelden er eit tidsskilje i livet. No skal helgene framover fyllast på ein annan måte. Eg og Mette har mykje å sjå fram til også i den mørkaste tida av året. Vi er heldige.

Eg takkar Tæla for i år. I morgon går eg ned liene med mange dyrebare minne i sekken. Dei skal eg leve på til vårsola i bakkane atter blenkjer.

2 kommentarer om “Sistkveld i Tælastuå

  1. Finaste Tæla, det er så alt for lenge siden vi har vært der, men vi håper det skal bli flere turer neste sommer 😍

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s