Tilbakeblikk på hyttesesongen 2018

I år gjekk startskotet for hyttesesongen oppe på Tæla 17. mars. Punktum vart sett 14. oktober. No kan vi sjå tilbake på sju månadar fylt med mange gode minne. Desse tek vi med oss inn i vinteren.

Tradisjonen tru leigde vi også dette året altmulegmannen Gunnar til å køyre opp proviant og utstyr med scooter. Mette var så heldig å få skyss opp frå Nordviksetra, medan eg tok skiene fatt etter den vante ruta frå Kvenndalen. Da eg kom fram til hytta var dei andre alt på plass. Gunnar hadde til og med hatt tid til å restaurere ytterdøra. Ei stor forbetring.

Ingen fredagskveld på Tæla utan spekemat med tilhøyrande drikke. Mette nyt stunda og det første fredagskveldsmåltidet for sesongen. Livet på ei veg-, vatn- og strømlaus hytte handlar om å dyrke dei enkle gledene. Å streve seg opp liene ein fredagskveld og sjå fram til spekemat, øl og akevitt er ei av dei.

Første kvelden på Tæla i år. Dei siste solstrålane smyg seg inn over det vakre terrenget. Scooterkaren har køyrd heim.

Så kom påska – den tjuesjette på rad i Tælastuå. Vi var heldige med veret, og gjekk fine turar innover Tæla. Her er det rast eit stykka innafor kraftlina. Påsketrafikken i området er mykje mindre enn da eg vaks opp. Moderne påsketuristar må ha oppkøyrde løyper. Men vi som trivst utanfor allfarveg har det som plommen i egget. Påskehelga i hytta er eit av høgdepunkta i året.

Sidan 2004 har vi hatt ope hus i hytta 1. påskedag. Mange tek turen innom. De fleste er faste påskegjestar, som bidreg til å halde ein triveleg tradisjon oppe. To nykomlingar av året var desse to geitene, som ikkje hadde problem med å ta seg opp liene på skareføret. Mette, geiteigar Ole Johan (fremst) og Torbjørn held dei firbeinte og svært sosiale turistane med selskap.

Ein nydeleg 1. påskedag er på hell. Eg har fanga dette motivet med kamera eller mobil hundrevis av gongar. Lyset skiftar heile tida. Alle bileta blir unike.

I påska hadde eg sesongstart på Fintenkjarplassen. Hit er det alltid godt å kome. Her flyg tankane lett, og utsikta er praktfull.

Eit par veker etter påske bar det til fjells igjen. Sjølv om kalenderen viste 13. april, fekk vi ein lett tur på fint føre opp liene denne fredagskvelden. Turen heim skulle derimot bli verre. To døgn med varmegrader gjorde snøen om til sørpe. Verken truger eller ski fungerte, og det vart mykje knall og fall. Men ei flott helg var det.

Det har vorte vår på Tæla. Om kvelden fredag 18. mai kunne vi sitte ute i selskap med mektig natur. Ofte kan det vere rikeleg med skiføre på på Tæla denne tida. Men i år var det meste av snøen reist.

Fossåa er Tæla sitt smykke. Eg og Mette brukar mykje tid ved den vesle fjellelva. 20. mai hadde vi årets første lunsj her.

Vår på stølen. Kvitveisen treng ikkje lang tid til å vekse seg til, når snøen først er borte. 

Det vart uvanleg tidleg sommar på Tæla i år. Dette biletet er tatt 2. juni. I 1995 gjekk folk på ski over Fossåa på same tid!

Det var utruleg stor stas med besøk frå Tau av dotter Kristin, svigerson Tom og godgutane Daniel og Benjamin i juli. Slike dagar lever «vi to einsame gamle» lenge på.

Daniel, her saman med pappa, er ein ekte fjellkar. Her er vi på Fossafjellet. Nokre dagar før gjekk desse to til toppen av Galdhøpiggen!

I Fossåa er det mange fine badeplassar. Benjamin (biletet) og Daniel storkosa seg her.

Tæla er topp, meinte sommargjestane. Velkomen tilbake!

Trivelegare kan ein ikkje ha det!

I august hadde eg ei lita veke for meg sjølv på hytta. Det er godt å kjenne på trivsel i eige selskap, og at ein toler å ha det stilt rundt seg. I løpet av sesongen blir det nokre slike friminutt på meg. Dei betyr utruleg mykje.

Akkurat denne dagen var ikkje veret det aller beste, så eg måtte ty til å ei litt spesiell løysing for å kunne nyte livet utandørs. Meir om denne stunda kan du lese i dette bloginnlegget: http://fintenkjarplassen.blogg.no/1534594221_det_gode_liv_i_dropninga.html

Ein tur til Bollknubben inngjekk som ein del av friminuttet. I sommar var det ein trimpost her oppe, så besøket på Bollknubben har vore uvanleg stort i 2018.

Hyttekos i einsam majestet. Det er godt for ein eremitt å roe seg ned inne etter ein lang dag med mykje sol og frisk luft.

Augustkveld. Naturen har fått eit skjær av haustfargar. Ein minnerik sommar syng på siste verset.

I tre år har Mette bruka hytteturane til å strikke på dette pleddet. I september vart meisterverket ferdig. Du verden så flott!

Så kom siste helga for i år. Eg residerte åleine på Tæla frå fredag til søndag, og fekk ei fin avslutning på hyttesesongen. Eg gjorde ei lita vandring langs Fossåa (over og under), og tok inn over meg den spesielle freden som kviler over landskapet på denne tida. Snart skal søget frå Fossåa stilne under snø og is. Men så kjem ein ny vår, og det livnar atter i lundar.

Siste turen til Fintenkjarplassen. Takk for i år!

Slik var hyttesesongen 2017: http://fintenkjarplassen.blogg.no/1510005196_streiftog_gjennom_hyttesesongen.html

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s