Bokskriving i elleve år – ei reise gjennom lokalhistoria

Ein sommardag i 2007 kom eg i prat med Torbjørn Polden oppe på Hyllbakkan i Kvenndalen. Han var oppteken av historia til dalen, og meinte at den burde skrivast ned. Spørsmålet var om eg kunne tenke meg å delta i eit slikt arbeid.

Sjølsagt var eg interessert, så svaret vart ja. Dermed byrja snøballen å rulle. Vi kontakta med ein gong den kunnskapsrike karen i Austre Lia, Erling Myrbostad, og spurte om han ville vere med. Erling var positiv, og farten på snøballen auka enda eit hakk.

Tre år seinare såg Kvenndalsboka, som vi i første omgang lurte på om kunne bli noko meir enn eit hefte, dagens lys. Den gode mottakinga ga inspirasjon, og våren 2015 hadde vi Søyådalsboka klar.

Ein kort samtale i Kvenndalen skulle få store konsekvensar. Kleivapris vart det også i 2016. Storsyna, som ho Elen på Litj-Kvennbøen brukte å seie.

Det skulle vise seg at arbeidslysta ikkje var oppbrukt. Etter å ha fordøydd Søyådalsboka, som vart eit tungt løft for oss, kom praten i gang om ei ny bok. Fleire idear vart lanserte, før vi landa på eit prosjekt som ber tittelen «Under Skarfjellet – lokalhistore frå Eidet og Lykkjebygda». Som ein ser, går vi litt vidare geografisk denne gongen. Emna spenner også over eit breiare felt enn i de to første bøkene.

Er det noko vi har fått erfare, så er det at «vegen blir til medan du går». Det er ikkje så godt å forutsjå alt på førehand. Etter kvart som innsamlinga av stoff til bok nummer tre skreid fram, fann vi ut at tilfanget var så stort at utgjevinga måtte delast opp. Det ville gjere det heile meir handterleg og minske den  økonomiske risikoen.

No er første bindet straks i sal. I 2019 kjem det to til. Onsdag 5. desember kl.19 inviterer vi til bokslepp på Stangvik skule. Der blir det orientering om bokarbeidet, smakebitar frå innhaldet, signering og sal av bøker og enkel servering.

Bokskrivinga har prega kvardagen min i elleve år. Enkelte periodar har vore rolegare enn andre, men stort sett har «neste bok» kverna i bakhovudet. Å få arbeide saman med kjernekarar som Torbjørn og Erling er eit privilegium. Saman er vi ute på ei reise, som har gjort noko med meg som menneske. Kunnskap, vennskap, identitet – det er mykje verdfullt ein sit att med.

Det er også godt å tenke på at vi så raskt fann ei arbeidsform som fungerte. På mange måtar er vi tre ulike karar. Men samarbeidet har heile tida vore bygd på gjensidig respekt og gode diskusjonar. Eg vil seie at vi har klart å gjere ulike eigenskapar og ulik kunnskap om til ein svært positiv energi.

Så er det slik, og det er det viktigaste, at vi til sjuande og sist står planta på den same verdiplattformen: Vi er eidsbygger.

Da er det nødt til å gå godt.

Les også: Gode tilbakemeldingar

#Lokalhistorie #Litteratur

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s