Førjulstankar under stjerna

Eg sit under stjerna i glaset i arbeidsrommet mitt og prøver å kjenne etter om julestemninga kan vere på veg.

Ute er det ikkje mykje som minner om jul her ute i havgapet. Men innandørs foregår det ting som så absolutt gjev kjensle av advent og jul i emning. Min beste halvdel styrer på med sitt, jamnt og trutt. Jau, det blir høgtid i år også. Den rette stemninga kjem til slutt, sjøl om det ein opplever som godt vaksen ikkje kan måle seg med den intense gleda og forventninga som prega denne tida i barndommen. Advent var ei magisk tid. Jula var eit eventyr. 

Nokre minne sit sterkare i enn andre. Dei er like gjeve å ta fram kvart år. Alle åra har gjort glansen rundt dei ekstra forgylla. Gode minne er ein sterk ballast å bere på gjennom livet.

For oss som vaks opp på Kvennbø, var den første turen til Øra for å sjå på julegata og juleutstillingane eit høgdepunkt i adventstida. Butikkane var verkeleg pynta til jul den gongen. Mykje fint og spennande var utstilt. I mitt minne skjedde denne turen alltid på søndag ettermiddag. Det var skumring, og lett nysnø dryssa ned over Øra. Vi gjekk frå butikk til butikk. Den eine juleutstillinga overgjekk den andre. Utanfor Mauset-butikken vart stoppen ekstra lang. Der låg dei nyaste Hardy-bøkene innafor butikkglaset. Ville nokre av dei hamne under vårt juletre?

Ein annan fast vending var å besøke Margrete og Pe i Rabbastua for å utveksle julepresangar. I Rabbastuå rådde freden og ein makalaus atmosfære. Folket i huset var ikkje av det stressa slaget. Margrete serverte kaffe til framandfolket, medan Pe fortalde historier. Han var ein forteljar av dei sjeldne. Margrete heldt fram med julegåvene også etter at eg vart vaksen. Den siste frå ho, ein fin vase, har eg framleis.

Like før jul vart det som regel også ein tur med pakkar til Bøfjorden. Å køyre over Nordmarka, der det var vebju og høge brøytekantar, var som eit eventyr for ein liten kar. Den tente grana ved samvirkelaget i Bæverfjord vitna om at høgtida nærma seg. Det gjorde også stjernene i stueglasa rundt om i heimane. Pynten var elles noko meir neddempa på denne tida. Lenker, lys og lamper i hus og hage, slik ein ser så mykje av i dag, var det ingen som hadde.

For ikkje lenge sidan køyrde eg frå Skei til Halsa. Også denne dagen låg snøen kvit og fin oppe på Nordmarka og over Åsskardhøgda. Det var skyming, og skogen hadde pynta seg med vakker vebju. Eg kom til å tenke på juleturane i barndomen. I vinterkledde Settemsdalen stoppa eg midt i vegen, og foreviga gjennom frontruta det som plutseleg kom over meg som eit glimt av barndommens jul og advent.

Ein tradisjon som eg fekk inn  med morsmjølka, og som eg sidan har halde fast ved, er julehefta. Tidene skiftar, og mange av dei hefta som var fast inventar i julestua for femti år sidan er borte no. Men nye, mange av dei med lokalhistorisk innhald, har også kome til. Utvalet er stort. Sjøl er eg så privilegert å få redigere Jul på Nordmøre og årsskriftet til Stangvik Historielag. Jul på Nordmøre har kome ut i over åtti år. Ein skulle kanskje tru at ein slik publikasjon vart for gammaldags i vår digitale tidsalder. Men slik er det ikkje. Jul på Nordmøre sel framleis svært godt.

Eg har fleire favorittar blant julehefta. Nr. 91 Stomperud, Tuss og Troll, Vangsgutane og Smørbukk er heilt uunnverlege. Det første juleheftet med Smørbukk vart utgjeve i 1941, tre år etter at teikneseriefiguren debuterte på trykk i Norsk Barneblad. Vangsgutane er jamaldringar med Smørbukk. Leif Halse skapte serien i 1940, medan det første juleheftet kom i 1941. Den evigunge og evige soldaten Stomperud såg dagens lys i Norsk Ukeblad i 1937, der han sidan har halde til. Juleheftet har vore fast inventar i norske heimar frå 1938.

At Dagbladet for nokre år sidan omtala Vangsgutane som «norsk metafysikk for viderekomne» og vidare mistenkte Smørbukk-elskarar for å vere «forblinda av nostalgiens ertesuppetjukke tåke», gjer meg trygg på at dette er litteratur som vil stå seg godt i åra som kjem. Ikkje alle er fødde på Grünerløkka. Og ikkje alle har utvikla urbant trongsyn. Det finst ein sivilisasjon nord for Sinsenkrysset som har sine tradisjonar og røter.

Medan eg filosoferar over tider som var og tradisjonar som framleis er, ser eg gjennom glaset at vinden ruskar i  julepynten vi har hengt opp utanfor inngangsdøra. Nokre snøfjon i lufta hadde heller gjort seg. Men kvit jul er ikkje lenger nokor sjølvfølge. På sekstitalet sparka eg frå Kvennbø til Rabbastuå. Ein slik tur er det lenge sidan nokon har gjort no.

Folk feirar jul på ulikt vis i dag, og ikkje all legg det same i høgtida. Men forventninga kan vi kanskje alle ha felles? Ei forventning som ikkje kan skildrast finare enn det Sigurd Hoel gjer i si forteljing «Julen»: I de mørke, våte dagene i slutten av september og begynnelsen av oktober tenkte han oftere og oftere på julen. Han så den som et fjernt lys dypt inne i den mørkeste enden av året, en rute som lyste langt borte ved veien en mørk og stille vinterkveld.

#jul #advent #tradisjon

En kommentar om “Førjulstankar under stjerna

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s