2018: Flytting til Bud og møte med musikklegender

Eg startar den første bloggen i det nye året med eit sitat fra den amerikanske forfattaren Dave Weinbaum, som seier: «Hemmeligheten til et rikt liv er å ha flere begynnelser enn avslutninger.»

Orda høver godt ved inngangen til eit nytt år. Vi avsluttar eit kapittel, samstundes som mange nye sider ligg framfor oss. I forvissinga om at alder kun er eit tal, håpar eg at også 2019 for meg og mine skal bli eit år der gode avslutningar og nye, positive opplevingar får gå hand i hand.

Eg og Mette gjekk inn i 2019 med å gjere buaværingar av oss. Etter fem gode år i Midstuvegen i Elnesvågen, pakka vi saman og flytta inn i nytt hus i Bud i månadsskiftet januar/februar. Det vart, som vi håpa og trudde på førehand, ei lukkeleg avgjerd. Vi stortrives, for å seie det enkelt.

Les også: Mørketid – og snart på flyttefot

Her bur vi. Robinsonmarka 26 ein kveld like før jul.
Kyststien, svaberga og havet ligg rett utanfor stuedøra vår.

Å flytte til Bud ga livet ei ny retning. Det var det viktigaste som skjedde i fjor. Så var året fylt med mange andre enkeltopplevingar, som kvar på sitt vis var med på å berike kvardagen.

Les også: Tankar frå ein fersk buaværing

Eg og Mette er så heldige å ha ein flott familie rundt oss. Kjernen i denne rikdommen er mødrene våre, Gudrun og Lillian. Dei er begge godt i gang med 80-åra, men har framleis mykje av ungdommen i seg. Du verden kor vi ser opp til desse to damene!

To verkelege gullgutar blant dei som betyr aller mest, er barnebarna Daniel og Benjamin. I sommar var dei med til hytta på Tæla. Det var stort å sjå korleis småkarane trivdes oppe på stølen. I det fine veret vart det mykje bading i Fossåa. Daniel tok i tillegg turen til Fossafjellet saman med meg og pappa Tom. Dette vart dei beste dagane i heile sommar.

Ingenting er som barnebarna.

Hytta er i det heile eit ankerfeste i livet. I perioden mars – oktober tek vi turen til Tæla så ofte vi kan. Alle årstider har sitt sæpreg her oppe. Ein kan la seg fascinere av våren, gle seg over sommaren og ta inn over seg den nesten sakrale stemninga som senkar seg over landskapet når haustkreftene sakte festar grep og førebur naturen på vinter. Den som let seg foreine med dette, blir ein del av ein mektig syklus.

Kvite vidder. Påske på Tæla.
Fossåa er Tæla sitt smykke. Der badar vi, og der hentar vi vatn. Ofte tek vi, som her, lunsjen nede ved den koselege fjellelva.

Vi har gjort det til ein vane å reise til Syden minst ein gong i året. Blant tusenvis av reisemål å velje mellom, har Platanias på Kreta vorte vårt faste haldepunkt. Her har vi fått vener, her er vi lommekjent og på denne plassen kjenner vi at ein flik av oss har slått rot. Manolis og familien, som driv strandbaren ManoEra. Den galne og hjartevarme gjengen på restauranten Mythos. Janis og kona, som jobbar femten timar i døgnet veka rundt på det vesle gatekjøkkenet sitt. Vi tenkjer ofte på alle desse gjennom vinterhalvåret.

ManoEra er vårt paradis i paradiset. Manolis og familien gjer alt dei kan for at vi skal trivast.

Musikken kom inn i livet mitt tidleg i tenåra. Det har vore ei lang og innhaldsrik reise. I dag høyrer eg vel mest på jazz og samtidsmusikk, men arven frå 70-talet vil eg alltid bere med meg. Procol Harum oppdaga eg for alvor da ein samle-LP med låtar frå gruppa sine fire første album kom i hus i Utigard Kvennbø tidleg på 70-talet. Denne platehandelen skulle vise seg å ta meg til Drammen i 2018.

Første gong eg opplevde Procol Harum live var i Trondheim i 1975. Eg delte opplevinga med bror Ole Magne og kompis Bjarne Holten. Eg trur det er rett det er rett å seie at ingen av oss kom umerka frå denne kvelden i Studentersamfundet. For min del vart det eit livslangt ihopehav med Procol Harum. Seinare fekk eg med meg konsertane deira i Trondheim i 1976 og 2005, før eg og Ole Magne i eit musikalsk brorfellesskap let oss overvelde av den krafta som framleis ligg i Procol Harum i Drammen 1. februar 2018.

Når eg så, etter konserten denne kvelden, fekk møte vokalist, pianist og bandleiar Gary Brooker, overgjekk det alt kva eg hadde drøymt om. Å få handhelse på og prate med mannen som saman med Matthew Fisher og Keith Reid skreiv klassikaren «A whiter shade of pale», og som har komponert så å seie all musikken til gruppa sine tretten fenomenale studioalbum, var uverkeleg.

Aldri hadde eg trudd at eg skulle få ta Gary Brooker i handa og takke for alt han har betydd for ein musikkinteressert kvennbøgarding.

Les også: Ei musikalsk pilegrimsreise til Drammen

For første gong fekk Gary Brooker møte ein kvennbøgarding.

Seinare på året, den 10. juli, vart det nok ei stor konsertoppleving. Legendariske King Crimson, som eg har følgd like lenge som Procol Harum, gjesta Oslo. Denne gongen var vi tre: Eg, Ole Magne og Bjarne. Det vart ein magisk kveld på Sentrum Scene. Konserten. Kameratskapen. Alle dei felles referansane etter tusenvis av timar saman rundt platespelaren i dei åra da musikken inntok liva våre. Tankane glei lett tilbake til julikvelden i Trondheim i 1975.

Les også: Frå Hafella til Sentrum Scene

Sentrum Scene. King Crimson gjorde inntrykk.

Eg lever av å skrive, og eg har skrivinga som hobby. Da eg, Erling Myrbostad og Torbjørn Polden starta arbeidet med Kvenndalsboka i 2007, vart det eit tidsskilje i livet. I dag kan vi sjå tilbake på tre bøker og ein Kleivapris. Den siste boka, «Under Skarfjellet – lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda», kom ut før jul i 2018. Eg er stolt av å få vere med på dette.

Det er umuleg å sette ord på verdien av samarbeidet og vennskapet med Torbjørn og Erling. I fjor vart eg tildelt Nordmøre Mållag sin målpris. Utan inspirasjonen frå bokarbeidet saman med dei to nemnte medforfattarane, og påverknaden frå min språklege mentor Nils Ulvund, ville det aldri ha skjedd.

Les også: Bokskriving i elleve år – ei reise gjennom lokalhistoria

Vi i Robinsonmarka 26 har all grunn til å sjå tilbake på 2018 med glede. Det er så mykje å takke for. No ligg 2019 der og byr på seg sjølv. Moglegheitene er mange. Arka som skal fargeleggast er blanke. Carpe diem!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s