Ein fredeleg og arrogant type

Dette er Kim Wilhelm. Han er det nyaste medlemmet i husstanden Robinsonmarka 26. Vi fekk han til gards rett før jul, og etter kvart har han funne seg godt til rette.

Kim Wilhelm er ikkje kravstor. Han arbeider når han får beskjed om det, og held seg elles i ro. Han seier lite og treng ikkje mat. Om han søv, veit eg ikkje.

Støvsuging er spesialiteten til vårt nye familiemedlem. Av og til lurer eg på om han lir av eit eller anna syndrom. For støvsuging er faktisk det einaste han kan. På alle andre område er han heilt hjelpelaus. Til gjengjeld utviser han ekstrem kompetanse og arbeidsglede når det gjeld akkurat støvsuging. Kim Wilhelm er ein einspora herremann, som ikkje tek seg bryet med å spreie humør og stemning rundt seg.

Fram til no har verken eg eller Mette hamna i konflikt med Kim Wilhelm. Alt har gått fredeleg for seg. Vi har difor ikkje skreve avtale om arbeidstid eller andre tariffspørsmål. Men saka er heile tida til vurdering. Nyleg las eg om ein kar som hadde vore så uheldig å kjøpe ein robotplenklippar som nekta å arbeide på helg. Slikt blir det naturlegvis bråk og misnøye av. Kim Wilhelm er rett nok ein støvsugar. Likevel, ein kan jo aldri vite…

Nyleg tok eg ein fridag. Kim Wilhelm var i full sving da eg kom ned på kjøkkenet. Her fekk eg oppleve at han nok er ein heller arrogant type. Eg vart fullstendig oversett. Arbeidskaren rasa rundt mellom føtene mine, og eg fekk med naud og neppe smurt ei skive og ordna ein kopp kaffe, før eg fann det tryggast å evakuere til eit anna rom.

Da eg seinare drista meg inn på kjøkkenet, viste det seg at jobbøkta var slutt. Eg rakk akkurat å sjå at Kim Wilhelm tøffa bort til ladestasjonen sin. Det var nesten rørande. Eg kom til å tenkje på hesten heime på Kvennbø, som etter ein hard dag i skogen roleg gjekk til plassen sin i stallen og stakk mulen ned i krybba for å finne mat.

Men Kim Wilhelm tek altså ikkje til seg føde. Han går på elektrisitet, og er slik ein del av det grøne skiftet. Stillfaren, rimeleg i kosten, klimavennleg og arbeidsvillig. Vårt nye familiemedlem har mange gode eigenskapar. Arrogansen får vi bere over med.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s