Klag ikkje på vinteren

Vinter i Robinsonmarka.

Som det vintermennesket eg inst inne er, prøvar eg så godt eg kan å gle meg over dei vinterdagane som enno finst. Dystre klimarapportar og handlingslamma politikarar ber bod om sommar heile året.

Sjølv her ute i havgapet er det vinter no. Eit kvitt teppe har lagt seg over vakre Bud. Da eg og min beste halvdel tok ein spasertur i helga, knirka det under skoene, og kuldegradene reiv i kinna. Det er slik januar skal vere.

Det er triveleg å køyre bil gjennom vinterlandskapet.

Turane til og frå Sunndalsøra har gjeve mange fine opplevingar den siste tida. Lys. Mangel på lys. Månen. Sola som strevar seg litt lenger nedover fjellsidene for kvar dag som går inne i Sunndalsfjorden. Gussiåsen med vebju og høge brøytekantar. Inntrykka er mange, og turane går lett.

Vi er privilegerte som får lov til å bu i ein landsdel som dette. Klag ikkje på vinteren. Nyt heller mørketida, i forvissing om at etter vinter kjem vår og sommar.

For ein landkrabbe er det lett å bli fascinert av vinteren ved havet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s