Ein ny hyttesesong i emning

Vi veg-, vatn- og straumlause hytteeigarar nærmar oss sakte ein ny sesong. Siste turen til Tælastuå i fjor var i slutten oktober. Om halvannan månad, eller der omkring, kjem den første overnattingsturen for året. Det er eit tidsskilje i livet og året.

Ein draum.

I snaue fem månadar må Tælastuå klare seg på eiga hand, slik ho har gjort til alle tider. Peder og Ane, som bygde om seterfjøset til hytte sist på femtitalet, bruka heller ikkje hytta på svartaste vinteren. Hyttebøkene fortel at dei kunne vente med å starte sesongen til mai/juni, og dei slutta gjerne i september. Til gjengjeld oppheldt dei seg på stølen så å seie kvar helg, og heile sommarferien, gjennom desse månadane.

Når du er nært knytta til ein plass som Tæla, blir det til at tankane rett som det er streifar innom dette vakre landskapet. Du ser fram mot påske, vårskiturar, lange sommarkveldar, rolege vanringar langs Fossåa og bading ved fossen. Ja, alt som høyrer med. Dei to PC-skjermane på arbeidsrommet minner meg på kvar dei djupaste røtene mine er festa. Biletet er teke på tur opp til Fintenkjarplassen ein solblank vårdag.

Her går det an å feste blikket.

Det vart ein god, gammaldags vinter til slutt. Dermed går eg ut frå at scooterføret er sikra også i år. Om ikkje lenge tek planlegginga av transporten til. Når sjansen byr seg, er det viktig å få med mest mogleg opp. Det som ikkje blir med scooteren frå Nordvik, må berast seinare. Planlegginga er for øvrig i dei beste hender. Den har eg for lengst delegert til min beste halvdel. Ho bommar aldri.

Hyttesesongen på Tæla i år blir den 28. i rekka for mitt vedkomande. Og sanneleg tek ikkje Mette fatt på sin åttande. Eg har gått opp liene meir enn seks hundre gongar i løpet av desse åra. Nokre tonn med proviant og utstyr har det også vorte. Kjenner eg godt etter, meiner eg at skrotten skal halde ein del år til. Alder er som kjent berre eit tal, og i kvar motbakke er det helsebot å finne.

For den som er glad i fjellet, er det lett å skjønne Hans Hyldbakk sine verseliner i «Vårsøg»:

Når sommar’n kjem, da bli det fint e fjellå
da ska e dit å hør kår bekkjinn søng
å kliv te topps e brattast berjestellå
å vea grass å tort å tåberløng

Sommar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s