Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp

Seefeld. For meg er staden uløyseleg knytta til vinter-OL i 1964. Innsbruck var arrangørby for leikane, og i Seefeld, som ligg to mil lenger vest, gjekk alle øvingane i nordiske greiner. No skal alpelandsbyen arrangere ski-VM.

Gamle idrettsheltar på papp. Skihopparane er øvst frå v. Hans Olav Sørensen, Toralf Engan, Thorbjørn Yggeseth, Torgeir Brandtzæg og Kjell Sjøberg frå Sverige. I hjørnet nede t.h. ser vi kombinertløparen Rainer Dietel frå DDR. Langrennsløparane er frå v. Reidar Andreassen, Odd Martinsen, Erling Steineide, Oddmund Jensen og svensken Assar Rønnlund.

Seefeld og Innsbruck var av dei første ikkje-nordiske vintersportsstadene eg lærte namnet på. Forklaringa er sjølsagt OL i 1964. Heime på Kvennbø hadde vi akkurat fått fjernsyn. For ein som var åtte år gjorde TV-sendingane at ei allereie sterk interesse for vintersport fekk ny næring. Eg slukte alt. Framleis hugsar eg mange av medaljevinnarane frå desse leikane.

Sidan det enno var langt mellom TV-apparata ute på bygdene, vart det gjerne trongt i stua medan konkurransane pågjekk hos dei som hadde investert i fjernsyn. Særleg hopprennet i storbakken i Innsbruck var populært. Vi høyrde om heimar der det skal det ha vore på femtital med menneske som samla seg for å sjå rennet. Så mange var det ikkje i stua i Utigard Kvennbø. Men tilstrøyminga av naboar som ville sjå hopprennet var stor. Toralf Engan vann, framfor Veikko Kankkonen og Torgeir Brandtzæg. Men var Kankkonen nedi med handa? Hoppinteresserte har diskutert spørsmålet i 55 år.

Eg har ingen avisutklipp frå OL i 1964. Etter kvart vart eg, saman med bror min, ivrig med å samle på sportsbilete frå aviser og blad. Men det var nok i samband med ski-VM i Oslo to år seinare at denne aktiviteten verkeleg skaut fart. Utklippa ovanfor, der bileta er samla i ein montasje på eit stykke papp ved hjelp av mjøllim, er nok likevel eldre enn 1966. Truleg er desse bileta henta frå reportasjar i Adresseavisen, Nå og Aktuell i forkant av OL i 1964.

Limet har i alle fall gjort jobben sin gjennom alle åra. I dag er montasjen så gammal at den har fått stor affeksjonsverdi.

Eg har vore i både Seefeld og Innsbruck. På ein biltur for over tretti år sidan klarte vi å få med oss mange av dei kjente vintersportsstadene i Mellom-Europa. Å kome til Seefeld og Innsbruck, stader som det knytte seg så mange minne til, var svært spesielt. Ein tur til desse traktene handlar dessutan ikkje berre om idrettsnostalgi. Naturen her er fantastisk vakker.

I gamle dagar vart det arrangert ski-VM berre kvart fjerde år. Overgangen til annakvart år skjedde midt på 80-talet. Etter at Oslo hadde vore vertsby for VM i 1982, var det Seefeld sin tur i 1985. Og no skal altså skieliten igjen samlast i alpebyen, som ligg heile 1.180 meter over havet.

I ein travel kvardag blir det ikkje så lett å få med seg alle renna. Men eg skal i alle fall sjå så mykje som muleg. Om forventninga er like stor no som i 1964, veit eg ikkje. Nokre tusen skirenn seinare har ein vel kanskje vorte aldri så lite blasert… Men dette blir uansett stas. Ski-VM er alltid eit høgdepunkt.

Og så Seefeld da. Der alt starta.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s