Naturkreftene er ikkje på lag med skisporten

Vil skiidretten overleve klimaendringane? Eg er ikkje den første som stiller spørsmålet. Vintrane kjem ubønnhørleg til å bli stadig mildare i åra framover. Ekspertar spår at vinteren, slik vi kjenner årstida, vil vere ein saga blott i Noreg mot slutten av dette århundret. Snøsesongen kan bli så mykje som fire månader kortare enn no.

Eirik i luftig spretthoppsvev på Tæla. Spretthopp er ei tradisjonsrik grein, men klimaet er ikkje på parti med utøvarane.

Det er langt fram dit. Men sidan eg både trur på menneskeskapte klimaendringar og er glad i skisporten, er ikkje dette gode utsikter å ta innover seg. Kanskje er det allereie for seint. Men vi må uansett prøve å redde stumpane. Det er politikarane si oppgåve å gå opp løypa. Så er vi andre nøydde til å følgje etter.

Ski-VM i Seefeld er nettopp avslutta. Seefeld ligg 1.180 m.o.h. Likevel såg vi at løparane – i slutten av februar – gjekk i shorts og korterma trøyer. Eg har aldri opplevd noko liknande. I kvardagen er det mange teikn på at naturen oppfører seg annleis enn før: Attgroing, ei tregrense som kryp oppover, ekstremver, ras og flaum. Lista er lang.

Det er fullt mogleg å klamre seg til håpet om at varmen i VM-byen var eit tilfeldig utslag, og at alt snart vil vere ved det gamle igjen. Naturen ordnar jo opp sjøl, er det dei som meiner. Eller: Ein kan ta sommarvarme i februar langt oppe i Alpane som eit varsel om eit klima endring.

Det blir til slutt opp til den enkelte. Den som er godt vaksen, og som har delteke i utsleppsfesten med liv og lyst, vil uansett sleppe billeg unna. Sjølv har eg to barnebarn, og eg tenkjer rett som det er: Kva for problem vil dei, og deira etterkomarar, møte i kvardagen om nokre tiår? Fortsett oppvarminga av kloden, vil mangel på skiføre bli eit av dei meir marginale problema dei må hanskast med.

Eg vel ikkje å kalle meg sjøl klimapessimist. Klimarealist er kanskje eit meir dekkande ord. I det ligg det at eg ikkje ser nokon grunn til å spå verda sin undergang. Eg trur på dei som seier at det framleis er mogleg å redde klimaet, og dermed kloden. Men vi må skjerpe oss.

Ein prøvestein blir om verdas nasjonar i fellesskap klarer å nå 1,5-gradersmålet. Ifølgje forskarane vil ei oppvarming på 1,5 grader gjere stor skade, men likevel langt mindre enn om temperaturen på jorda skulle stige med to grader.

Vi har nokre få år å områ oss på, før timeglaset renn ut. Så vil tida vise om ein redningsaksjon, i tilfelle den vert vellukka, også omfattar skisporten.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s