Sein vår – og sein start på hyttesesongen

Det blir sein start på hyttesesongen i år. Mars har vore slik som den alltid er – ein retteleg vintermånad.

Men sjølv om eg og Mette så langt ikkje har vore på hyttetur, er provianten komen fram. Skuterføret såg ut til å reise sin veg i starten av mars, så det vart hastverk med å få ordna med transport. I ettertid ser vi at det var lite å uroe seg for. Den laurdagen vi skulle køyre opp, sette plutseleg store mengder med nysnø ein stoppar for heile turen. Så vart det seinare betre forhold. Gunnar ikkje berre køyrde varer og ved til fjells. Han måka opp, og plasserte alt inne i hytte og uthus også. Slike karar er gull verdt for den som bur eit stykke unna!

Folk sluttar aldri å håpe og tru at mars er det same som vår. Men svært sjeldan slår dette til. Heldigvis er manns minne kort. Om eit år er all snøfokk gløymt, og håpet om tidleg vår vaknar atter til liv.

Ikkje eingong her ute mot havet slepp vinteren taket. No siste helga i mars har snøen til tider lava ned. Ja, laurdag ettermiddag var det nær julestemning i Robinsonmarka.

Mars, ikkje desember, i Robinsonmarka.

Men det var denne hytteturen som let vente på seg. Neste helg må vi opp uansett, for påska nærmar seg. Og vinteren gjev seg vel til da? Uansett er det straks april. Kva no enn vergudane måtte finne på, så blir dagane lengre og temperaturen meir sympatisk.

Webkameraet i Sæterlia i Surnadal peikar mot fjellområdet der vi har hytte. Fjella er borte. Biletet fortel at det nok var lurast å halde seg heime denne helga.

Mykje av den ufreden som følgjer med våren – det er jo da vi skal rekke uhorveleg mange ting på ein gong – har eg liten sans for. Eg er ikkje noko vårmenneske. Så når folk flest står med bakenden i veret og hovudet nede i eit blomsterbed, er det så utruleg befriande å kunne pakke sekken og oppsøke fjellet. Mars, april og mai er dei finaste skimånadane. Lite eller ingenting anna kan måle seg med ein maitur på ski over Tæla.

Skitur til Botnfjellet (1006 moh) tidleg i mai 2004. Delar av Kvennbøtæla til venstre i biletet. Til høgre indre del av Kvenndalen. Litjfjellet og Storfjellet midt på biletet.

I mi verd varer altså skisesongen i to månadar enno. Eg ser fram til fine turar framover. Ikkje minst skal det bli stas med påske på Tæla. Det er eit av høgdepunkta i året.

Så får det no bli som det blir med våren nede i låglandet. Han kjem nok. Eg tok meg ein runde med kameraet før laurdagskvelden seig på. Det er mykje fint å sjå her ute i Bud, også når veret er bistert. Ja, kanskje er det slik at lyset er på sitt mest spennande når veret per definisjon ikkje er slik vi helst vil ha det.

Holmar og skjer. Bjørnsund i det fjerne.

Det er godt å kvile blikket mot havet. Utsikta mot Bjørnsund er ein del av same evigheita som fjelltoppane i Trollheimen. Ingenting forandrar seg, om verda elles står på hovudet. Rolf Jacobsen skriv i mitt favorittdikt «Mere fjell»:

Av og til
må noe vare lenge,
ellers mister vi vel vettet snart,
så fort allting snurrer rundt med oss.

Ja, akkurat slik er det. Fjella. Havet. Alt dette storslåtte berre er der og passar på, om våren let vente på seg eller ei.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s