Påskefred på verandaen

Gamle kompiser på hytteverandaen. Frå v. Ole Magne, underteikna og Bjarne.

Onsdag før påske. Ein velsigna dag. Vi er vel installert i Tælastuå, har hatt ein flott skitur og har treft mykje triveleg folk. Og framleis ligg sjølve påskehelga der – ubrukt.

Eg feirar mi 27. påske på Tæla. Fleire av dei som på 90-talet var faste brukarar av terrenget her er borte no. Slik er livets gang. Heldigvis ser vi ei viss rekruttering. Forhåpentleg vil nye generasjonar også finne glede og meining i å legge påsketurane til Tæla.

Eg merkar at tankane endrar seg med alderen. Medan alt i yngre år var sjølvsagt, kjenner eg som 63-åring ei anna takksemd enn før over å få oppleve påskeparadiset på Tæla enda ein gong. Kan det ha noko med at ein del av det å bli eldre, er å lære seg å sette pris på det ein har?

Vi sit på verandaen, med kveldssola midt imot. Medan eg festar desse tankane til telefonen, er min beste halvdel oppteke med strikking. Eg lurar på om vi her og no opplever den absolutte fred.

Mette strikkar og nyt sola.

Ein kveldsbris smyg seg over Tæla. Frå Fossåa stig vårsøget. Litt etter litt skal snø og skiføre atter vike for nytt liv og ein ny sommar.

«Har du det bra,» spurte Mette nettopp. Svaret er ja.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s