Salmesong, vin og kortspel

Påskestemning i Tælastuå.

Det er påskedagskveld i Tælastuå. Ei på alle måtar vellukka høgtid går mot slutten. Vi kan sjå tilbake på dagar med mykje sol, fine skiturar og triveleg besøk.

I dag fekk vi regn og skodde. Men vêret stoppa ikkje det tradisjonelle påskedagstreffet på Tæla. Det kom ikkje over femti, som i 2005, men dei fire som banka på døra var til gjengjeld fjellfolk av beste merke. Til og med eit aldri så lite spretthopprenn vart det.

Denne påskedagskvelden har vi kosa oss med fleire gode radioprogram. Sidan både eg og Mette set stor pris på salmar, vart det ein time med «Salmer til alle tider». I den gode hyttestemninga som programmet skapte, passa det godt med eit glas vin. Som ekstra tidtrøyte fann vi fram kortstokken.

Slik vart det salmesong, vin og kortspel i Tælastuå på 1. påskedag. Ein kombinasjon ikkje heilt etter boka, slik vi er opplærte, vart vi samde om.

Men kortspelet gjekk føre seg i sømmelege former. Det einaste som gjekk tapt var mi stoltheit. Når så vinen smaka framifrå og fleire av salmene ga både flotte musikkopplevingar og ettertanke, må vel konklusjonen bli at kombinasjonen er å anbefale.

No sig mørket inn over Tæla. Vi strekkjer den siste kvelden inn i dei små timar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s