Ein tung tur – men livet er ikkje så verst

Da vi kom fram til hytta, var vi einige om at det ikkje hadde vore ein fin tur.

Slik kan mai også vere.

Denne helga skulle vi på hyttetur, koste kva det koste ville. Veret stoppa oss for ei veke sidan, så no var det verkeleg på tide med ei hyttehelg igjen.

Etter ein rekordvarm april, kom mai med vinter. Forholda som møtte oss da vi tok laus frå Kvenndalen var verre enn vi trudde. Det første stykket bar vi skiene mellom snøflekkane. Turen vidare med ski på beina vart tung. Føret, om ein kan bruke det ordet, var elendig. I tillegg vart vi heile vegen velsigna med striregn. Nei, det var ikkje så veldig triveleg. Heldigvis klarte vi å halde stemninga oss imellom oppe. Det er vi gode på.

Heile marsjen skulle vise seg å ta nesten dobbelt så lang tid som vanleg.

Men så er det dette med å kome fram til hytta. Når målet er nådd, omnen vermer og spekemat avec er kome på bordet, er strabasene gløymt. Sjølv om turen opp ikkje vart som tenkt, drog vi fort den konklusjonen at livet slett ikkje er så verst.

Vi la oss med snøfokk over landskapet, og vakna til det same veret. Ei snøbyge eller tre i mai er ikkje uvanleg her opp, det fortel hytteboka. Men no har det snødd i mange dagar. Slikt er uvanleg.

Det kviler ei spesiell stemning over Tæla denne laurdag formiddagen. Snøen lavar ned. Samstundes viser gradestokken pluss åtte. Stor vassføring i Fossåa og bekkane rundt skapar eit brus, som ber bod om at vårkreftene gjer kva dei kan for å vinne over den gjenstridige vinteren.

Vi har bestemt oss for å ta imot dagen slik han er og blir. Veret bryr vi oss ikkje om. Med god fyr i omnen, radio, bok og meir til skal dette bli ein framifrå rekreasjon.

Mette strikkar. Det følgjer slik ein fred med denne strikkinga.

Fred. Det finst ikkje noko betre.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s