Eksplosjon i fjellet

Det er laurdag ettermiddag. Eg sit på hytteverandaen og ser utover eit landskap som i løpet av den siste veka har gjennomgått ei utruleg forvandling.

Det går mot sommar.

For ei veke sidan lava snøen ned her, og alt var kvitt. Vi måtte bruke ski for å kome fram. I dag gjekk vi sommarstien til fots. Stølen er bar, og det som er att av snø i bakkane rundt hytta minkar så fort at ein kan sjå forandring frå time til time.

Den første vårturen til fots. Det er som eit lite ritual. Eg går i mine eigne fotspor. Tre, buskar og steinar møter deg som dei alltid har gjort, kvar ein vår. Det er nesten så ein får lyst til å helse goddag. Eg passerer rogna som skranta litt i fjor. Vil ho bere lauv i år? Jau, det ser slik ut.

Dei små berga i stien ovanfor Haukarstokken er og akkurat som før. Eg set skoen på dei same plassane som eg alltid har gjort, og kjenner på eit merkeleg vis at eit lite trinn i ein stein gjev fotfeste i meir enn ein forstand.

Små observasjoner. Store gleder.

Auståvinden feier over Tæla denne ettermiddagen. Sola kjem og går. Ein vindskjerm og godt med klede gjer det mogleg å sitte ute. Søget frå Fossåa er så sterkt at radioen måtte gje tapt. Men kva gjer vel det? Ikkje noko program kan måle seg med den symfonien som stig opp frå fossen innafor hytta.

Våren i fjellet er noko heilt spesielt. I låglandet er overgangen frå vinter til sommar ofte ein sakte prosess. I fjellet kan mirakelet kome som ein eksplosjon.

Slik eg akkurat no kjenner på kroppen.

Kvitveis på stølen.
Selja ved hytta vaknar til liv.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s