Forsommartur til Fintenkjarplassen

Etter ein fredag med regn, sludd og vind, kom laurdagen med sol og temperatur til å leve med. Det vart frokost og popquiz – med Finn Bjelke, sjølvsagt – på verandaen og deretter tur til Fintenkjarplassen.

Eg bruka god tid på turen opp. Ja, eg la inn ein omveg for riktig å ta inn over meg alle dei inntrykka som dette landskapet byr på i skjeringspunktet mellom vår og sommar.

Oppe på Fintenkjarplassen tok eg fram termos og kikkert. Tankane flaug, og det same gjorde visarane på klokka. Plutseleg var ein time gått. Fintenkjarplassen ber namnet sitt med rette.

Eg hadde med mobilen på turen. Her er nokre bilete.

Tidleg forsommar på stølen.
Fossafjellet, vår næraste nabo, ristar av seg vinteren.

Snøen held stand borte i Sula.

Snart framme. Fintenkjarplassen rett forut.

Den frodige Kvenndalen bur seg på sommar.

Dei siste snøflekkane er alltid seigliva. Storfjellet t.v. og snøkledde Sul-toppar t.h.

Utsyn frå Fintenkjarplassen mot Eidet og breibygda.

Skarfjellet på motsett side av dalen. Ein majestet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s