
Bøfjorden er den finaste fjorden på Nordmøre. Ja, han er blant dei vakraste i heile fylket vårt. Eg meiner å kunne uttale meg med ein viss pondus og autoritet. Få er dei fjordarmane i Møre og Romsdal som eg ikkje har vore attmed.

Halvparten av røtene mine er solid festa i dette landskapet. Det er eg stolt av. Ole Gunnar Solskjær kan også skryte av å vere halvt bøfjording. Vi er ein eksklusiv klubb. Eg har til og med hatt mor til Manchester United-manageren som lærarinne.

Bøfjorden er for meg identitet. Bøfjorden er gode minne. Alltid er det spesielt å kome hit. Denne vesle teksten og bileta er ein hyllest til ei bygd og ein fager fjord, som fanga meg heilt frå eg var liten.

