Vil det vere mogleg å gå over Tæla sommars tid om femti år? Eller har attgroinga gjort det som i dag er eit ope landskap til ein uframkommeleg jungel av kratt og småskog?

Når eg vandrar i terrenget her oppe, hender det at slike spørsmål dett ned i hovudet.
Den som lever får sjå. Men sikkert er det i alle fall at attgroinga har akselerert kraftig i løpet av dei 27 åra eg har vore hytteeigar på Tæla. For ikkje å seie gjennom dei 58 åra som har gått sidan eg var her for første gong. Det eg ser gjer meg ikkje optimistisk. Dessverre.

Attgroinga trugar dei gamle kulturlandskapa. Ei av forklaringane på det som skjer er at beitedyra er borte. Vi ser det tydeleg på stølen rundt hytta. Rogna skyt i veret overalt. Ingen sauer kjem og ryddar opp.
Difor må vi gjere ein innsats sjølve. Eg og Mette går og lukar bort små rognskot heile sommaren. I det lange løp er det sikkert ein fåfengt kamp mot naturen Men vi har ikkje tenkt å gje oss. Så lenge vi er her, skal stølen vere open og fri for attgroing.

Så er det i tillegg slik at dette ikkje berre handlar om beitedyra som forsvann. Klimaendringane påverkar også attgroinga. Skogen skyt i veret mykje fortare enn før. Ein liten rognpisk veks minst ein meter i løpet av ein sommar. Tregrensa er på veg oppover. Eg er redd at mykje meir enn kva vi likar å ta innover oss er i endring.
Eg og Mette har akkurat starta på den tradisjonelle sommarferieveka her oppe på Tæla. I dag bestemte vi oss for å legge inn nokre timar i kampen mot attgroinga. Stølen og området rundt hytta vart reinska for kjerr og kratt. Resultatet vart reint så bra.
Om eit par år er alle spor etter dagens innsats viska ut. Naturen gjev seg ikkje. Slik er det berre. Likevel er det meningsfylt å halde på med dette. Ein open støl er fin å sjå på, både for oss i hytta og for turgåarar som fer forbi.
For meg er dette også eit spørsmål om respekt for historia. I gamle dagar var setra livsviktig for dei som dreiv med jordbruk. Her sleit mine forfedrar for føda. Det minste eg kan gjere er å passe på at minnet om dei ikkje gror att.
Så kjem nye tider og nye generasjonar. Korleis er det her om femti år? Menneska kan påverke svaret på spørsmålet, ikkje minst ved å ta klimautfordringa på alvor. Men til sjuande og sist er det nok naturen sjølv som bestemmer mest.
