Livet er ikkje det verste ein har…

Nordmørssommaren kviler tungt over Tæla i kveld. Det har regna, og skodda heng langt nede i fjellsidene.

Skodde over landskapet i kveld.

Eg har vore eremitt i Tælastuå sidan laurdag. Ikkje ei levande sjel har eg sett dei to siste døgna. Men like før eg kom hit, hadde ein fjellvandrar fare forbi. Han la att denne lappen i dørsprekken:

Den som les notar vil finne ein initial på tre bokstavar. Eg trefte karen nede i liene, og slapp dermed å spekulere. Uansett: Ei original og triveleg helsing å finne. Takk, Harald Egil Folden!

Elles lever kvar dag sitt eige liv her oppe. Den beste planen er å ikkje ha nokon plan. For ein som har kappspringing med klokka som yrke, er det godt å ha herredømme over tid og tempo.

I går tillet veret ein tur til Fossafjellet. Eg tok meg god tid, og brukte heile ettermiddagen på ekspedisjonen. Fossafjellet er eit lett tilgjengeleg fjell både sommar og vinter. Herifrå kan ein nyte utsikt frå Trøndelag til Romsdal.

Utsikt frå Fossafjellet. Med kikkert for handa går tida fort her oppe.

Søndagen vart toppa med ein nydeleg kveld, som gjorde det muleg å sitte ute heilt til sola gjekk ned. Slike stunder lever ein lenge på.

Det vart ein usedvanleg vakker søndagskveld.

I dag trossa eg til slutt veret, og manna meg opp til ei vedøkt. Eg vart både våt og lei, men kunne etter endt innsats konstatere at effektiviteten hadde vore på topp. Vedsituasjonen er under kontroll! For oss godt vaksne er få ting i verda viktigare enn akkurat det.

Det ordnar seg i år også.

Eg ser ned på stølen og let tankane flyge til gamle dagar, da setringa starta rundt tiande juli. No er det meir enn sytti år sidan den siste kua vart mjølka her oppe. Berre tuftene står att etter seterhusa, og ingen av dei som strevde seg gjennom sommaren på setra lever lenger. Men minnet om desse slitarane skal vi ta vare på.

Sakte sig kvelden inn over Tæla. Skodda har letta eit grann. Eg legg ei vedskie i omnen, tenkjer at livet ikkje er det verste ein har – og set punktum.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s