Kor smaklaus går det an å bli?

Dei heilage spelelistene styrer det meste av radiomusikken på NRK i dag. Listene ser ut til å vere ufråvikelege, uansett kva programmet handlar om. Alle program skal fyllast med «låtar».

Når eg ikkje sluttar å irritere meg over dette, har det kanskje med alder å gjere. Eg veit ikkje. Men i alle fall er det blitt slik at eg som ivrig radiolyttar i dag stort sett klamrar meg til P2. P2 er ei befriande låtfri sone, der musikk framleis blir presentert som musikk og ikkje sløvande bakgrunnsstøy. I P2 er det framleis lov å sende program heilt utan musikk, der det verbale innhaldet står på eigne bein.

P1 liknar meir og meir på P4. Musikken skal verken fenge, utfordre eller irritere. Den skal framfor alt vere ufarleg. Musikk er fyll mellom meir eller indre intelligente verbale innslag, som for all del ikkje må bli for lange.

Det gamle aktualitetsflaggskipet på P1, «Her og nå», er utvida til 90 minutt med innlagt diskotek. Om lag ein halv time av tida går med til å spele musikk, som etter mine begrep må appellere til heilt andre målgrupper enn dei som enno held ut med programmet.

Da eg sist tysdag sat i bilen og høyrde på «Her og nå», slo det meg kor smaklaust denne politikken med spelelister og musikk i alle tenkelege samanhengar kan slå ut. Programmet starta naturleg nok med siste nytt frå dramatikken i Jølster. Men før det vart sett over til det som for mange menneske på denne dagen var blodig alvor, kravde spelelista at nyheitshungrige lyttarar måtte lide seg gjennom låta «Imagine Dragons» med Thunder.

Vondt skulle bli til verre. Etter nokre minutt med profesjonell rapportering frå journalistar ute i felten, var det tid for ein ny musikkpause. Det er skummelt å trøytte lyttarane med for mykje elendigheit, må vite.«Sight of you» med Sigrid var det som skulle til, meinte NRK.

Så kom siste del av Jølster-reportasjen. Øydelagde vegar, rasert infrastruktur, evakuerte heimar og personar som det enno ikkje kunne gjarast greie for, la ein mørk skugge over denne ettermiddagen. Tykte i alle fall eg. Men NRK visste råd mot dystre tankar. Da innslaget var ferdig, dundra «I love rock’n roll» med Joan Lett gjennom eteren. Ja, sjølsagt var det den vi trengte der og da. For ser ein på stort på det, er vel ekstremver og naturkatastrofer ei form for rock’n roll? NRK har sikkert ei formeining om det.

Spørsmålet mitt er: Kor smaklaus går det an å bli? Eg vart forbanna, og skifta kanal.

I enden av all denne frustrasjonen må eg legge til at eg ser på meg sjølv som langt over gjennomsnittet musikkinteressert. Og det er vel der mykje av problemet ligg. Eller som Bjørnson (nesten) sa det:

Jeg velger meg en låtfri sone
I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,-
dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s