Ferie på Kreta: Tida bestemmer farten

Vi er midtvegs i Kreta-ferien vår. Dagar går. Dagar kjem. Så langt har tida fått bestemme farten på tilværet. Vi har ikkje blanda oss borti. Berre levd.

Platanias. Eit sjarmerande kaos.

Platanias er vår perle. På denne kaotiske, søvnige, hektiske og sjarmerande staden, der ingen kommuneplanleggar kan ha sett sin fot på mange tiår, har eg og Mette slått rot. Her har vi fått vener. Hit går turen kvart år.

Fram til no har vi hatt late dagar på stranda. Vi går alltid til Manolis og familien hans, som driv strandbaren ManoEra. Det er like stort å treffe desse menneska kvart år. Dei gjer alt dei kan for at vi skal trivast. Ekte vener!

Nesten alle gjestane til Manolis er gjengangarar, som kjem tilbake år etter år. Det er ikkje tilfeldig.

Eg blir aldri lei av utsikta frå ManoEra.
Eit par dagar vart bølgene så tøffe at det raude flagget kom opp.

Eg anar ikkje kor mange timar eg har opphalde meg på terrassen på ManoEra og berre latt utsikta og lyden av bølgene styre tankane. I vest, ofte innhylla i ein svak dis, strekkjer den mektige halvøya Rodopou seg ut i Middelhavet. I motsett side av synsfeltet ligg øya Agioi Theodori med sine freda geiter. Eit landemerke som det fell naturleg å kvile blikket mot. Det er nesten som å sitte ved hyttevinduet på Tæla og sjå mot ruvande trollheimstoppar. Da flyg også tanken lett.

Om kveldane tek vi ofte turen til restauranten Mythos, og den heilt spesielle gjengen som driv staden. Dei starta i 2014, og sidan har vi vore faste gjestar der.

Mythos er ein populær og usedvanleg triveleg restaurant.

På Mythos er det som regel mykje folk. Men stemninga er lun og triveleg. Og fylt med mykje latter. Vi trivst her. Kanskje aller mest på grunn av kjensla av å vere oppriktig velkomen og å bli sett.

Det er lett å trivast på Mythos.

Seinare i ferien blir det biltur. Vi har utforska mykje av denne vakre øya gjennom åra, men er langt frå ferdige. Kreta byr på alt frå kystlandskap til fjell like høge som Galdhøpiggen. I dei mange og tronge dalane ligg idylliske landsbyar, der folk lever eit heilt anna liv enn det vi nordbuarar er vande med.

Ein skal vere forsiktig med å romantisere – mange av dei som bur her er heilt sikkert fattige. Samstundes gjev desse husklyngene, bygd rundt ei kyrkje og eit par tavernaer, eit sterkt inntrykk av ro og harmoni. Vi har mykje som dei manglar. Dei dyrkar verdiar som vår velstand har viska ut.

Denne epistelen er avslutta fredag morgon, berre få timar etter at Molde sleit seg til seier over Aris. Vi såg den nervepirrande kampen på Capriccio, der Janis frå Albania og familien hans held til. Janis og kona jobbar dei fleste av timane i døgnet for å halde hjula i gang. Dei steller godt med nordmenn, og ikkje minst romsdalingar.

Janis er ein velorientert kar, som har meiningar om mykje. No er han uroa over trenden med at stadig fleire turistar ser ut til å velje «all inclusive» på sine hotell. Utviklinga truar dei som driv fortauskafear og restaurantar rundt om i byen. Det er lett å dele denne uroa med Janis. Utan dette mangfaldet av tilbod, vil Platanias miste både særpreg og atmosfære. Absolutt noko å tenke på for alle som har tenkt seg hit.

Ei ubrukt veke ligg framfor oss. Vi tek ein dag om gongen og lever i nuet, som det heiter. Kvardagen, med alle sine tidsfristar og krav kjem tidsnok.

Det er vakkert i området rundt Platanias.
Rusletur i gamlebyen i Platanias.
Varierande standard på husa i gamlebyen.
Mykje fascinerande å sjå i gamlebyen.
Ein kveld stoppa vi opp ved kyrkja og fekk med oss ein del av den gresk-ortodokse feiringa av jomfru Maria – Mariadagen.
Minigolf på høgt nivå.
Livskvalitet.

2 kommentarer om “Ferie på Kreta: Tida bestemmer farten

  1. Så enig i alt du skriver om vårt kjære Platanias og menneskene
    Det er også blitt vårt andre hjem, en og to ganger i året i mange år.
    Fantastisk godt skrevet 🌺

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s