Landsbyen Agia Foteini ligg på Kreta, eit stykke oppe i fjellandskapet midt inne på øya. Det er ikkje meir enn eit par veker sidan eg og min beste halvdel gjorde ein stopp i landsbyen, på vår årlege biltur på Kreta.

Ein sydentur handlar mykje om strandliv, avslapping og restaurantbesøk. Samtidig er det mange andre måtar å krydre dagene på. For oss har bilturane vorte eit høygdepunkt i ferien.
Ikkje langt unna turiststadene finst det små samfunn som er helt annleis enn det vi er vande med. Samfunn som sikkert er prega av fattigdom – i alle fall etter vår målestokk, men også av kultur, vennlege menneske, fred og harmoni.
Vi åt lunsj i Agia Foteini. Etter måltidet på den trivelege tavernaen, tok vi oss tid til ein liten rusletur. Det var da vi passerte nummer 40. I ei bratt og smal gate, like ved den vakre kyrkja, oppdaga vi residensen.
Dei som bur i nr. 40 tilhøyrer den same verda, det same Europa, som vi rike og blaserte nordbuarar. Ettertanken tek deg. Vi er ikkje meir verdt enn dei. Liva våre betyr ikkje meir enn deira sine. Det er berre fasaden som er så ulik.
Fasaden, som til sjuande og sist ikkje betyr noko som helst.
En kommentar om “Nummer 40”