Dobbel solnedgang og oktoberfred

Nokre få haustdagar er meir magiske enn andre her oppe på Tæla. Det er dei dagane ein kan nyte to solnedgangar frå Tælastuå.

Ei eldkule.

Først går sola ned bak Fossafjellet, mellom Nonssteinen og den fremste varden. Så, nokre timar seinare, kjem ho fram att i synsranda der Maifjellet på Hjelset møter Fossafjellet. Da har sola vorte til ei eldkule, som fargar støl og stue raud. Like etter tek ho kveld for godt. Det er som eit under.

Eg sit åleine i hytta og tek fredagskvelden inn over meg. Innhylla i ein fred som berre oktobermørket kan velsigne ein eremitt med, kjenner eg at livet på sitt beste ikkje er så verst.

Hyttesesongen går mot slutten. Men bak ein bister vinter ligg alltid ein vår.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s