Ein dag i eige selskap

Mørket har lagt seg som eit mjukt teppe over Tæla. Med unntak av eit triveleg besøk av kompis og hyttenabo Bjarne i kveldinga, har eg hatt landskapet for meg sjølv i heile dag.

Det kviler ein haustleg harmoni over tæl og tind. Ein ro som andre årstider ikkje kan by på. Naturen førebur seg på vinter. Songen frå Fossåa er framleis rein og klår. Men om ikkje lenge skal tonen tagne under snø og is.

Så veit vi, for slik er dette forunderlege skaparverket laga, at under alt det kvite og kalde, skal vatnet også gjennom vinteren halde fram med si evige ferd mot fjorden. Kjeldene går aldri tomme.

Det brenn godt i omnen. Talglys og parafinlampe gjer at eg ser det eg treng å sjå. Eg prøver å oppsummere dagen, og blir sittande att med eit spørsmål: Kvar tok timane vegen? Eg veit ikkje. Det som er sikkert, er at den einaste eg har hatt å trøye tida saman med er meg sjølv. Eg slår fast: Vi to, eg og eg, har hatt ein prima dag. Tida går fort i godt selskap.

Eg legg ei vedski i omnen, ser ut gjennom glaset – og ser ingenting. Berre svarte oktoberkvelden. Fred.

En kommentar om “Ein dag i eige selskap

Legg igjen en kommentar til Oddvar Aalbu Avbryt svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s