Endeleg mørketid

Da eg køyrde mine tolv mil til jobb her ein dag, vart eg møtt av såpeglatte vegar med underkjølt regn. Aldri før har eg bruka så lang tid mellom Bud og Sunndalsøra. Eg måtte bremse ned for eit rådyr som sto midt i vegen inne på Skjæret. Det var ikkje mi skuld at det gjekk bra, for bremseeffekten var lik null. Men rådyret oppfatta situasjonen, og kom seg unna. Kjell Ingolf Ropstad meiner at mennesket står over dyra. I dette tilfelle var det motsett.

Opplevinga fekk meg til å tenke på at no er faktisk vinteren straks her. Det er like greit. Det har vore ein usedvanleg travel haust. Eit par månader med korte dagar og lite lys skal gjere godt. Det er tid for å lande.

Kva eg har gjort på? Eigentleg har det vore ein fantastisk meiningsfylt periode. I avisa har vi kutta ein dag med papir, og trappa opp den digitale satsinga. Betalinga i form av mange nye abonnentar og sterk auke i nettrafikken kom så å seie over natta. Det er godt å sjå at strategien verkar.

På fritida, eller kva ein skal kalle det, har det og vore mykje skrive- og redigeringsarbeid. Erling, Torbjørn og eg er klare med bok nummer tre i Skarfjell-serien til til jul. Med Kvenndalsboka og Søyådalsboka i tillegg, har det vorte til saman fem bøker. Lite visste vi om kva reise vi la ut på, da vi hausten 2007 starta arbeidet med det som skulle bli Kvenndalsboka.

«Ska tru e, om det nøtta å få te eit lite skreft», hugsar eg Torbjørn sa.

Det vart mellom 800 og 900 sider samla mellom ti stive permar. Eg er stolt og glad over det vi har fått til.

Bokarbeidet har vore lærerikt og på alle vis gjevande. Vi er tre ulike karar som samarbeider godt. I gjensidig respekt har vi lært oss til å leve med kvarandre sine meir eller mindre uhelbredelege nykkar og spesialitetar. Bonusen etter tolv år er eit nært og godt vennskap.

Bok nummer tre i Skarfjell-serien.

Ved sida av bokinnspurten har eg sydd saman «Jul på Nordmøre» og årsskriftet til Stangvik Historielag. Sjølv om ingenting kjem av seg sjølv, er det det triveleg å halde på med desse hefta. Arbeidet med «Jul på Nordmøre» startar allereie i juni/juli. Da sender eg ut dei første epostane til potensielle skribentar. Det er aldri nei å få. «Jul på Nordmøre» er ein institusjon, som heilt tydeleg betyr mykje for mange. Årets hefte vart til slutt på heile åtti sider. Eg lurar på det om det kan vere det mest omfangsrike som nokon gong er utgjeve.

Vi er tre i skriftstyret. Det er ikkje farleg å vere leiar, når ein er så privilegert å få ha med seg kapasitetar som Reidunn Halle og Karin Ormbostad. Det er damer som får arbeidet sitt unna! Vi utfyller kvarandre godt.

Bergljot Hals gar som vanleg teikna framsida til «Jul på Nordmøre». Ho er eit unikum.

I redaksjonen til Stangvik Historielag er vi fire. Alle bidrar med sitt, men den store og avgjerande drivkrafta er Marit Haugen. Ho er rett og slett eit arbeidsjarn utanom det vanlege. Det er inspirerande å arbeide saman med slikt folk. 2019-heftet har akkurat gått i trykken. Eg tykkjer vi greier å halde eit høgt nivå.

Kraftutbygging er eit av mange tema i heftet i år.

No skal seinhausten få gli over i vinter i sitt eige tempo. Det er tid for lutefisk, rakfisk og – om litt – The Julekalender. Eg likar roa som kviler over denne tida av året. Så får ein berre ta ein morgon med underkjølt regn i ny og ne med på kjøpet.

Sidan det ikkje er hundre år til eg skal bli pensjonist, har eg også tenkt å bruke dei næraste vekene på å øve meg i å leve litt meir sakte. Vi får sjå korleis det går. Eg kjenner meg svært usikker på resultatet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s