Ein landkrabbe i havgapet

Bud med sin ustyrlege nabo Hustadvika. Eit vakkert stykke Norge.

Eg kan ingenting om havet. Like fullt bur eg ved havet. Hustadvika er det første eg ser når eg kjem ut av soverommet om morgonen, og det siste eg skimtar før mørket tek dagen frå meg.

Livet er ein luring. Eg, ein landkrabbe som ein gong i tida var ein kløppar til å rygge silolass opp ei låvebru som svinga nitti grader, slo til slutt rot ute på eit svaberg med Shetland og Færøyane som næraste naboar. Slik vart det. Og betre kunne det ikkje ha blitt.

Men det var dette havet. Eg kjenner ikkje min næraste nabo. Det er berre å innsjå at vi aldri kjem til å få noko nært ihopehav. Til det er respekten frå mi side altfor stor. Eg kan knapt å ro, veit ikkje att fram på ein påhengsmotor og likar ikkje å få vatn i ansiktet.

For meg passar det best å betrakte storhavet frå land. Det vakre og alltid skiftande lyset. Dei brå endringane frå storm til stille. Bårer som bryt under ein høg himmel. Synet fascinerar. Synet fengslar. Privilegert er den som har dette storslåtte naturens teater rett utafor si eiga stuedøer. Her går det an å bu. Verkeleg.

Vi blir aldri nære vener, eg og Hustadvika. Men vi kan leve i gjensidig respekt. Eg kan føye til beundring, også. Men beundringa går nok berre ein veg. Ein som veit meir om silosyre enn saltvatn, har lite å imponere med med når naturkreftene ute på djupet briskar seg og viser kven som har makta.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s