Det kan da ikkje vere slik at kvaliteten på jula skal målast i mengde oppbrukt grønsåpe?

Litt anna utsikt frå heimekontoret enn elles i året.

Heldigvis har eg ikkje mista evna til å glede meg til jul. No når eg har kome såpass opp i åra, bør det også vere håp om at denne barnlege forventninga ikkje slepp taket i kropp og sjel. Det er godt å ha noko å sjå fram til, uansett tid på året. Men jula er spesiell. Ein lysfest i svarte vinternatta.

Vi er halvvegs i advent og midt i julestria. Sjølve innhaldet i denne travle perioden har nok forandra seg med åra. Folk bakar mindre enn før, og slakting er det slutt på for lenge sidan. I forbruks-Norge kjøper vi det meste ferdig i butikken. Kanskje er det dei som tek lettare på vasken enn før, også? I så fall er det berre bra. Etter mitt syn er det ikkje nødvendig å gjere ein omfattande rundvask på eit gjesterom som har vore brukt toppen fem gongar sidan sist jul. Det kan da ikkje vere slik at kvaliteten på jula skal målast i mengde oppbrukt grønsåpe?

Mitt motto er at jula kjem, uansett. At min beste halvdel ser litt annleis på det, får så vere. Ho held på, men på sitt stillferdige vis. Plutseleg er det jul i heimen utan styr og stress av noko slag.

Eg tykkjer det er viktig å fylle adventstida med forventning og hygge. Å tenne eit lys. Smake på baksten. Kjøpe ei gåve som du trur vil glede mottakaren. Dei enkle gledene er ofte dei største. Året har så mange kvardagar. I førjulsvekene kan vi gje dei eit litt anna innhald.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s