Den problematiske jula

Nissen ein fredeleg kar, som så langt har klart å halde seg unna all støyen rundt julefeiringa.

Rektoren ved Øye skule er oppteken av inkludering. Difor får ikkje elevane ved skulen synge «Deilig er jorden» ved juleavslutninga.

– Det er på grunn av sangens forkynnende innhold. Øye er en flerkulturell skole med elever fra cirka ti nasjoner og med bakgrunn fra flere religioner. Vi har derfor ut fra en inkluderingstanke bestemt at vi kutter «Deilig er jorden» fra programmet i år, seier einingsleiaren til Tidens Krav.

Vi har greid å gjere jula til ei problematisk høgtid her i landet. Elevane skal skånast for skulegudstenester og julesongar, politikarar forlet salen når kommunestyret avsluttar siste møte før jul med «Deilig er jorden» og julematen tek visst knekken på klimaet. Ja, det har vore tilløp til debatt om vi i det heile kan tillate oss å bruke ordet «jul». Kanskje er det nokon som tek seg nær av slik språkbruk.

For eigen del har eg tru på at kvar og ein treng kulturell forankring, kunnskap om historia og identitet. Utan eit fundament å stå på, greier vi ikkje å navigere inn i framtida. Difor er dei som no prøver å utradere skikkar og tradisjonar knytta til jula på ville vegar.

Det er fullt mogleg å vere både inkluderande og tolerant, utan å kaste vrak på verdiar som har gjort oss til det folket og den nasjonen vi er.

Da eg for mange tiår sidan gjekk på Øye skule, var juleaktivitetar ein sentral del av skulekvardagen dei siste vekene inn mot jul. Vi lærte om juleevangeliet og pugga julesongar. Alle teikna julekort til kvarandre. Mykje tid gjekk med til å lage julepynt, som vi fekk ta med heim. Til slutt var det gudsteneste i Øye kyrkje, før vi sa god jul til kvarandre.

Å seie god jul til læraren var for øvrig ein høgtideleg seremoni. Da ein gap på bakerste benk eit år besvara helsinga frå kateteret med «god jul og godt sparkføre», måtte han sitte igjen for å motta korreks.

Av ein eller annan grunn vart det folk av oss. Rusta med ein ballast som hadde rot i den kristne kulturarven gjekk vi ut i livet. Nokre vart personleg truande, medan andre vart ateistar. Dei fleste hamna vel ein stad midt imellom. Folk enda opp som anleggsarbeidarar, lærarar, prestar, bussjåførar, gardbrukarar, journalistar, ingeniørar, butikkmedarbeidarar, elektrikarar og eg veit ikkje kva. Felles for dei fleste av oss er at vi tok eigne val, basert på evna til å tenkje sjøl. Og det til tross for at vi i skuletida måtte lære både «Deilig er jorden» og det som ut frå moderne toleransenormer enda verre er.

Eg trur ikkje at alt var betre før. Men vi må ikkje gløyme kvar vi kjem frå. Å stå med rett rygg i møtet med andre folkeslag, kulturar og religionar har ingenting med intoleranse eller mangel på inkludering å gjere.

Ifølge Store norske leksikon er «Deilig er jorden» den salmen som er mest kjent og utbreidd i heile Norden. Når ein slik kulturskatt ikkje kan tolererast i norsk skule anno 2019, er det ikkje songen det er noko gale med, men verdigrunnlaget i skulen. Sjøloppnemnt inkluderingspoliti som rektoren ved Øye skule, og mange andre i tilsvarande posisjon, har misforstått.

Deilig er jorden

Deilig er jorden, prektig er Guds himmel,
skjønn er sjelenes pilgrimsgang.
Gjennom de fagre riker på jorden
går vi til paradis med sang.

Tider skal komme, tider skal henrulle,
slekt skal følge slekters gang,
 aldri forstummer tonen fra himlen
i sjelens glade pilgrimssang!

Englene sang den først for markens hyrder,
skjønt fra sjel til sjel det lød:
Fred over jorden! Menneske fryd deg.
Oss er en evig frelser født!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s