På ein flyplass kan du skue hunden på håra

Lite folk på Flesland i kveld.

Flyet til Molde går ikkje før om eit par timar. Eg sit på Flesland saman med Mette. Vi har mellomlanda i Bergen, på veg heim etter julefeiring på Tau. Det har vore trivelege dagar for store og små. Vi gledde oss stort på førehand, og det er godt å kunne seie at alt vart akkurat så vellukka som vi hadde håpa og forventa. Vi reiser heim med mange gode minne i bagasjen.

Det er lite folk på Flesland denne romjulskvelden. Stemninga er langt meir nedstressa enn det ein til vanleg opplever på store flyplassar. Eg legg mellom anna merke til at dei påtatt travle posørane med rådyre dressar, spisse sko og kaffebeger i handa er fråverande. Det store fleirtalet her er det ein kan kalle vanlege folk.

To timar på ein flyplass er som regel ikkje så ille som mange kanskje vil tru. Det er mangt å fylle tida med. Ein kan skrive blogg, ete, drikke, lese aviser, kaste seg over eit kryssord, prate saman, strikke eller berre rett og slett sjå på folk. For å nemne nokre alternativ.

Å betrakte menneska som fer forbi, er som regel ein særs interessant ventesyssel. Det er litt av kvart å sjå. Ein ting er i alle fall sikkert. Vi er ulike. Ofte fer det typar forbi som set i gang assosiasjonar og fantasi. Du sit plutseleg og gjer deg opp ei meining om kvar dei kjem frå, kva dei jobbar med, om familiesituasjon og mykje meir. Ein skal som kjent ikkje skue hunden på håra. På flyplassar gjeld ikkje denne regelen.

Eg og Mette sit strategisk til på ein kafe i andre etasje, og har full oversikt over store delar av ankomst- og avgangshallen. Akkurat no passerar ei bølge med folk. Det betyr at eit fly har landa. Alle desse menneska skal ein stad. Mange har nokon som ventar. Andre har det ikkje. Ein flyplass rommar lukkelege, ulukkelege, einsame, einslege, sjuke, friske, karravorne, beskjedne, sosiale og asosiale menneske.

Tankespinn ved eit kafebord på Flesland vart til eit blogginnlegg. Eg ønskjer dei som framleis heng med fine romjulsdagar framover.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s