Farvel til nissane

Nedpakking av jula. Kaotisk medan det står på.

Det er 12. januar og nittande dag jul. Vi har kasta ut jula i dag. Eller rettare sagt, vi har pakka ho ned. Her i garden fer ikkje juletreet ut gjennom dørene. Nei, det blir lagt i ei pappkasse, og så tek vi treet fram i same forfatning om eit snaut år. Ikkje så mykje som ei nål dett av. Genialt og lettvint. Så veit eg sjølsagt at eit plasttre ikkje luktar fullt så godt som ei gran eller ei furu. Det får stå sin prøve.

Når skal treet og pynten ut av huset? Dette er det mange oppfatningar om. Her i huset er vi konservative, og tykkjer det er triveleg å strekke jula lengst mogleg og helst til 20. dagen. Andre held på 13. dag jul, medan det også finst dei som kastar ut jula i romjula. Svært vanleg er det å bruke første arbeidsdag etter nyttår til formålet, leste eg ein stad.

Eit spørsmål som ingen stilte i «gamle dagar», men som er høgst relevant i dag, er: Når pyntar vi juletreet? Dei fleste som har levd ei stund, er nok vande med at treet vart pynta julaftan, eller kvelden før. I dag er det annleis. Reglar, om ein kan bruke eit slikt ord, finst ikkje. Tente juletre i stuene til folk er eit vanleg syn heilt frå første veka i advent. For meg blir dette å slite ut jula før ho i det heile startar. Eg er sikkert gammaldags.

Å pakke ned jula er i grunnen eit heilt arbeid. Å lage til jul i stua er mykje trivelegare. Men no er det gjort. Vi har tatt avskjed med nissar, englar, dukar, løparar og kjære dekorasjonar. Kvardagen er tilbake i Robinsonmarka 26.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s