
Det var den første jazzkonserten min. Eg hugsar ikkje om det var seinhausten 1972 eller etterjulsvinteren 1973. Det er heller ikkje så nøye. På scenen i aulaen på Tingvoll gymnas spela gitaristen Terje Rypdal, bassisten Sveinung Hovensjø og trommeslagaren Jon Christensen – tre musikarar som etter kvart skulle kome til å bli store namn ikkje berre på den norske jazzhimmelen, men også på den internasjonale. For ein 16-åring var konserten eit sterkt møte med ein fram til da ukjent musikksjanger.
18. februar kom den triste bodskapen om at Jon Christensen var død. Da eg leste nyheita på nettet, kom eg til å tenke på konserten på Tingvoll. Sterkt imponerte og prega av konserten, fann eg og eit par kompisar ut at vi skulle ta oss litt ekstra tid utanfor konsertlokalet før vi gjekk heim. Vi plasserte oss strategisk like ved bussen til musikarane. Trekket skulle vise seg å vere svært vellukka. Det endte med at vi kom i prat med spelmennene, og vart med på bæring av instrument og utstyr frå scenen og ut til bussen. Etterpå svevde vi heimover til kvar vår hybel.
Meir enn tretti år etter konserten på Tingvoll spela Jon Christensen saman med eit knippe unge norske jazzmusikarar på salige Søderbergs på Sunndalsøra. I ein pause fekk eg ein liten samtale med min gamle helt. Eg nemnde konserten på Tingvoll og bæringa av instrument. Ikkje uventa hugsa han mindre enn eg av det som hende…
I gymnastida var vi ein kameratgjeng som spela mykje jazz. Konserten med Rypdal/Hovensjø/Christensen vart ei voldsom inspirasjonskjelde. Vi høyrde på Jazzklubben på radio, og kjøpte plater. Seinare har eg tenkt på at mykje av det vi ga oss i kast med heilt sikkert låg i ytterkanten av det vi eigentleg forsto og likte. Men utforskartrongen var stor. Vi ville heile tida vidare inn i det store universet av uoppdaga jazz.
Ein som svært ofte dukka opp i dette universet var no avdøde Jon Christensen. I dag kan eg seie at eg har høyrt på denne sjølvlærte, geniale trommeslagaren i snart femti år. Den første jazzplata eg kjøpte var «What comes after» (1974) med Terje Rypdal. Trommene på denne plata, som etter mi meining er ei av Rypdal sine aller beste, vert trakterte av Jon Christensen. Her viser han at ein god batterist ikkje slår på trommene. Han spelar. Og aller finast spela Jon Christensen på cymbalene. Cymbalbruken vart eit viktig element i hans heilt personlege stil. Det same kan ein høyre på «Witchi-Tai-To» (1974) med Jan Garbarek, som eg fekk tak i litt seinare. For meg er «What comes after» og «Witchi-Tai-To» dei to viktigaste jazzplatene eg har kjøpt. Eg kjenner at no når Jon Christensen har gått ut av tida, betyr dei ekstra mykje.
Norsk jazz har sidan 70-talet hatt høg status internasjonalt. Jon Christensen er ein av dei som har æra for dette. Eg gløymer aldri den gongen eg fekk bære trommene hans ut i ein sliten turnebuss. Takk for følget og kvil i fred!