Tankar i ei rar tid – og ein dose med gratis koronamedisin

Det er stille søndag i ei rar tid. Så å seie over natta måtte vi innsjå at den trygge og vante kvardagen gjekk over i noko som ingen nordmenn i nyare tid har opplevd. Plutseleg vart det einaste sikre at alt er usikkert.

For eigen del kan eg konstatere at turen til Vikersund denne helga gjekk fløyten. Det same kjem konserten med Procol Harum i Trondheim i april til å gjere. Så får vi sjå når det lir mot haust om turen til Kreta får gå som planlagt. Eg kjenner meg ikkje så trygg på det.

I denne rare tida er det også berre å innstille seg på at det ikkje blir noko påske på Tæla i år. Når regjeringa legg ned forbod mot å opphalde seg på ei hytte som ligg i ein annan kommune enn der du bur, er det berre å lystre. Noko anna vil vere uansvarleg.

Så må eg legge til: Sjøl om ting ein har sett fram til må avlysast, er det bagatellar. Det altoverskyggande no er kampen mot viruset.

Nei, livet går ikkje heilt sin vante gang. Også i avisredaksjonen er det meste snudd opp ned. Frå komande veke blir det delvis heimekontor på medarbeidarane. Samstundes er informasjonsbehovet botnlaust. Vi må ha ei minimumsbemanning på plass på Sunndalsøra. Avisa har eit samfunnsoppdrag å utføre.

Media spelar ei svært viktig rolle når situasjonar som dette oppstår. Eg er stolt over den jobben som journalistane i Aura Avis legg ned. Dei står på heile tida, og gjer ein utruleg innsats. Nettrafikken frå dag til dag viser at vi så langt har vore flinke til å treffe lesarane.

Eg ser at forståsegpåarar er ute på Facebook og krev at alt stoffet avisene no legg ut skal vere uplussa. Vi skal visstnok gjere det så bra på denne krisa at det er småleg å ta seg betalt. I Aura Avis har vi lagt oss på ei line der vi publiserer all samfunnskritisk informasjon gratis. I tillegg er dei generelle retningslinene for plussing endra, slik at avisa har mange fleire opne artiklar enn til vanleg. Så går det ei grense. Ein del plussa stoff må gratispassasjerane finne seg i å møte, sjøl i tider som dette.

For øvrig er påstandane om at avisene skor seg på koronakrisa reint tullprat. Sanninga er at bransjen kjem til å gå på enorme tap etter kvart som butikkane mistar omsetnad og annonsemarknaden tørkar inn. Millionane rullar allereie. Feil veg.

Ingen veit kor lenge dette vil vare. Tida vi går i møte blir krevjande. Det gjeld å ta vare kvarandre, og kvar på sin plass bidra til at denne unntakstilstanden blir så kort som mogleg.

Laurdag kveld tok eg meg ein runde i nærområdet med fotoapparatet. Det var godt å kvile blikket på noko anna enn ein TV-skjerm der alle snakka om korona. Her er nokre bilete av den vakre naturen vi har her i Bud. Medisin mot koronaviruset – heilt gratis!

Utsikt mot Bjørnsund frå moloen.
Mot Bjørnsund frå ein annan vinkel.
Ein båt på veg mot Hustadvika.
Med havet som næraste nabo.
Marskveld i småbåthamna.

En kommentar om “Tankar i ei rar tid – og ein dose med gratis koronamedisin

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s