
Eg vart brått og uventa kasta ut i eit eksperiment. For første gong sidan 1992 skal eg feire påske på heimleg grunn. Eg veit ikkje heilt korleis denne nye situasjonen skal handterast, men er likevel optimist. Skjærtorsdagen har for så vidt gått greit. Det som på papiret skulle vere ein fridag, vart prega av mykje avisarbeid. Truleg ligg mykje av forklaringa på suksessen der. I morgon, og dagen etter, er det andre på vakt i Aura Avis. Eg skal ikkje publisere så mykje som eit komma på auraavis.no før søndag morgon. Det blir ei eldprøve.
Heldigvis blir hytteforbodet oppheva eit stykke ut i april. Dermed kan vi få gle oss til vår med ljose dagar i vårt hytteparadis. Korleis det går med skisesongen er eit meir ope spørsmål. Eg var oppe på Tæla saman med scooterkjørar Gunnar ein snartur sist søndag, og da var snømengdene store. Men med varmegrader døgnet rundt kjem snøen til å minke og råtne fort. Vi får sjå. Stor stas blir det uansett å få starte hyttesesongen.
Her i ytre støk har det vore ein bister skjærtorsdag, med vind og nedbør. For meg er det heilt greit. Det er stygt å seie det, men da eg sjekka webkameraet i Sæterlia for å sjå korleis det stod til i heimbygda, var det med eit visst håp om at veret var like dårleg der. Det er ikkje sæleg sympatisk overfor dei tross alt mange som feirar påske på hyttene i Trollheimen og fjelltraktene rundt Surnadal å vere heimsøkt av slike tankar. Men likare kar er eg altså ikkje. Biletet over, der Nordviksula skjuler seg i skodda, viser at det nok hadde vorte inneliv og lite med skigåing på Tæla i dag. Ja, eg innrømmer det. Eg fann både trøyst og styrke i dette utsynet mot mine heimfjell. Beklager, god vener i hi og hytte.
Når eg tek plass ved PC’en og fullfører denne epistelen, er det etter å ha innteke eit nydeleg måltid. Sjølv om eg er eg midt inne i eit eksperiment, må det understrekast at eg har det aldeles prima på heimebane. Det blir ein fin påske. Garantert. Ho er berre så totalt annleis enn kva eg er vant til. I morgon kjem langfredagen. Eg tek utfordringa på strak arm.
4 kommentarer om “Heimepåske dag 1”