Heimepåske dag 2

Svensk koronaekspertise på skjermen.

Vind og regn, ein rygg som kranglar og koronanyheiter som rullar over skjermen i ein uendeleg straum. Ein får ta den langfredagen ein får.

Sjølv om det ikkje akkurat er feststemning som rår i skolten – no er langfredag heller ingen festdag – så går eigentleg eksperimentet med heimepåske ganske bra. Ja, akkurat dette med ryggen hadde eg ikkje trengt. Men det går over – akkurat som hytteforbodet.

Medan eg skriv desse linene kastar eg av og til eit blikk bort på TV-skjermen, der svenske politikarar og helsetoppar gjer greie for koronasituasjonen i landet. 77 dødsfall siste døgn verkar på meg som eit utriveleg høgt tal. Eg forstår ikkje kva svenskane held på med, og er glad eg ikkje bur i landet. Den norske strategien i kampen mot viruset verkar mykje tryggare.

Eg har vore innom webkameraet i Sæterlia i dag også, og ser at veret i mine heimtrakter er like dårleg som her ute i havgapet. Påske skal helst vere sol og kvite vidder. Samtidig er eg sikker på at dei som trossar vergudane og feirar fjellpåske i området har det heilt prima. Dette er det eg vil kalle ekte hyttefolk. Ekte hyttefolk let ikkje nokre dagar med dårleg ver gå utover verken humør eller påskestemning.

Når eg ser tilbake på hyttepåskene på Tæla, trur eg den i 1997 peikar seg ut som klart dårlegast med tanke på veret. Det var regn og skodde frå start til mål. Ein tur ned til Fossåa for å hente vatn var nesten for risikosport å rekne. Alt var kvitt, og hytta forsvann fort ut av syne. Men vi kosa oss det året også.

Livet lever, tek sine eigne vegar og sneglar seg gjennom langfredagen her i Robinsonmarka 26. Om ikkje lenge byr dag to i eksperiment heimepåske på ein betre middag. Stemninga i skolten stig.

Les Heimepåske dag 1 her.

3 kommentarer om “Heimepåske dag 2

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s