Heimepåske dag 4

Eg forstår at vergudane bestemte seg for å sjå i nåde til oss som er ramma av hytteforbodet. Men no blir det nesten for mykje av det gode. Makan til verpåske veit eg ikkje om eg har opplevd.

Det snør her ute i havgapet no i kveld. Ja, det snør visst overalt i fylket vårt. Politiet melder om trafikkuhell på grunn av glatt føre. På sosiale media ser vi folk som grev hyttene sine fram frå uhorvelege snømemengder.

Er dette uvanleg? Nei, sjølvsagt ikkje. Det er berre det at manns minne er så kort. I alle fall når det gjeld våren. Når snøen lavar ned i mars og april, er det for mange ei like stor overrasking kvart år. Vi gløymer rett og slett at våren er ein lunefull gjest, som svært ofte har ein vinterleg periode eller to i bagasjen. Eg har aldri vore noko vårmenneske. Det er eg glad for.

Dette bildet er tatt på Tæla seint om kvelden 30. mai i fjor – litt over eit døgn før kalenderen viste sommar. Ein skal aldri stole på vergudane.

Nei, det einaste sikre er at alt er usikkert. Det gjeld både veret og – ikkje minst i desse dagar – framtida. Kva kjem til å møte oss dei næraste månadane? Når er vi tilbake til det vante, trygge og stabile? Ingen veit. Det vi kan slå fast, er at dette er ei krise som er slik at kvar og ein, på sin plass og i sin kvardag, kan bidra til å påverke utviklinga i positiv lei ved å følge smittevernreglane. Er vi uforsiktige, kan konsekvensane lett bli vidtrekkande,

Utsikt frå heimekontoret 1. påskedag. Ikkje akkurat påskestemning.

Dag fire i eksperiment heimepåske er om nokre timar historie. Ei rar høgtid sig sakte mot sin ende. Strengt tatt er det heilt i orden. Påska 2020 vart ei påske som eigentleg ikkje er verdt å hugse, men som vi likevel aldri kjem til å gløyme.

Les Heimepåske dag 1 her.

Les Heimepåske dag 2 her.

Les Heimepåske dag 3 her.

En kommentar om “Heimepåske dag 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s