Heimepåske dag 5

Borti Bollknubben er det mykje rart å sjå.

Vinteren har gløymt att kvite kyr i fjellet,
der beiter dei i grøne hall.
Men vårsoli og graset er for sterke,
dei magrast for kvar dag.

Desse orda tilhøyrer lyrikaren Olav H. Hauge, og utgjer heile diktet «Vinteren har gløymt att». Eg fann diktet da eg sat og las i ei samling av Hauge på denne femte dagen i mitt påskeeksperiment, og fekk straks assosiasjonar til våren på Tæla.

I lier og fjellsider som omkransar Tæla dukkar det kvar vår opp «kvite kyr» i alle slags rare fasongar. Ikkje alle liknar på kyr, heller. Forma kan vere så ymse, og minne om alt frå rev til dinosaur. For oss to einsame gamle som held hus i Tælastuå, har det utvikla seg til ei slags barnleg tidtrøyte å følge med på korleis desse figurane magrast frå helg til helg. På hytta har ein ikkje meir underhaldning enn den ein lagar sjøl.

Det som i tillegg er fascinerande med kyrne til diktaren, er at dei endrar form på nøyaktig same måte frå år til år. Når vi sit på hytteverandaen og ser at ein fugl borti Bollknubben i løpet av helga blir til eit ekorn, veit vi at dei som vandra og verka i desse traktene for hundrevis av år sidan såg akkurat det same.

Så er det da i alle fall noko som blir til å kjenne att denne rare våren også. Som kvite kyr.

Mi første heimepåske sidan 1992 er straks unnagjort. Eg sjekkar webkameraet i Sæterlia, og ser at alt er like grått i mine heimfjell som dei andre dagane i påska. Kjære vergudar: Det er nok no. Om ei veke er hytteforbodet oppheva.

Vår på Tæla.

Les også:

Heimepåske dag 1
Heimepåske dag 2
Heimepåske dag 3
Heimepåske dag 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s