Så tek livet ei ny retning…

Tæla er ein viktig del av draumen om eit godt pensjonistliv.

Eg skal bli pensjonist. Det er rart å skrive setninga. Men no er avgjerda tatt. Eit 43 år langt kappløp med klokka nærmar seg slutten.

Etter at eg fylte 62 år for eit par år sidan, har eg visst at eg kunne pensjonere meg akkurat når eg ville. Men eigentleg har eg ikkje ofra temaet så mange tankar. Ein travel og veldig artig jobb har kravd det meste av energien min.

Så kvifor slutte når ein har det artig? Eit svar på spørsmålet kan vere at det er betre å slutte medan ein trivst og får utretta noko i jobben, enn å vente til ein overordna kjem og seier at no får det vere nok. Ein annan måte å svare på, er å seie at spørsmålet om kor lenge eg skal vere i arbeidslivet nok har kverna meir i underbevisstheita enn eg har vore klar over dei siste månadene.

Det var ikkje med lett hjarte eg sa opp. Men eg veit at beslutninga er rett, både for meg og Aura Avis. No kan ein ny redaktør kome inn utvikle avisa vidare. Og forhåpentleg har eg sjøl framleis såpass med krefter att i kroppen, at eg kan få fylle pensjoniståra framover med gjeremål og hobbyar som så altfor ofte har vorte skuva til sides av ein altoppslukande jobb.

Som redaktør har eg opp gjennom åra teke tusenvis av små og store beslutningar. Ja, eigentleg er det å leie ein redaksjon å stå i ein beslutningsprosess som berre går og går. Så er det slik at vi menneska av og til må ta avgjerder som har verknad ikkje berre i eit avgrensa tidsrom, som som faktisk gjev livet ei ny retning. Også eg har vore gjennom ein del slike. Heldigvis har eg den evna at eg aldri ser meg tilbake. Eg grublar sjeldan over beslutningar i ettertid, så lenge eg med meg sjølv veit at avgjerda er tatt etter beste skjønn ut frå det faktagrunnlag som da var tilgjengeleg. Livet handlar om å gå og sjå framover. Difor kjenner eg alt no at gleda over å snart bli pensjonist er større enn vemodet over å forlate eit yrke som alltid har betydd svært mykje for meg.

Kva skal du finne på no? Eg har allereie fått spørsmålet fleire gongar. Saka er ikkje heilt ferdigtenkt, for å seie det slik. Men eg ser sjølvsagt fram til å kunne bruke hytta på Tæla akkurat når det måtte passe meg. Eg skal skrive, lese, dyrke interessa for musikk, lære meg enda meir om fotografering, reise og – ikkje minst – bli ein betre ektemann og bruke meir tid på mine næraste. Så får vi sjå.

Ikkje anna enn eg har høyrt, er eit av privilegia med det å vere pensjonist at ein ikkje treng å ha fastspikra planar. Den retten har eg tenkt å bruke.

Kvennbøgardingen skulle ende opp med å få Hustadvika som næraste nabo, og trivst svært godt med det.

I ein kommentarartikkel i Aura Avis har eg tatt eit lite tilbakeblikk på yrkeslivet mitt. Den kan du lese her. (Krev innlogging).

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s