Alt blir bra igjen

Mailaurdag på Tæla.

Sju månader har gått sidan eg sist overnatta i Tælastuå. Det er ein rekord eg gjerne skulle ha vore forutan. Men slik vart det i år. Korona, hytteforbod og så veke etter veke med umulege ver- og føreforhold tok heile første del av hyttesesongen.

No har eg og Mette bestemt oss for å vente på sommarføret. Det blir ingen hyttetur før i alle fall liene er snøfrie. Kor lang tid det tek, er ikkje godt å seie. Men ein gong må vel vetter for vårsol røma – sjøl i eit år der det normale er at alt er unormalt.

Denne våren får vi dermed nøye oss med å leve på gode minne gjennom bilde som det over: Laurdag formiddag. Frokost ute i det fri. Popquiz på radioen og eit kryssord. Sol og kvite vidder. Forventning om ein fin skitur. Eller kort oppsummert: Det perfekte liv.

Alle årstider har sin sjarm og eigenart i fjellet. Men lite eller ingenting kan måle seg med ein vårtur i vakkert terreng, der veret og føret spelar på lag med karen oppå skiene.

Koronavåren vart som den vart. Det har vore ei tung tid for mange. Sjøl om faren enno ikkje er over, vil eg tru at det er fleire enn eg som kjenner at det hjelper å vite at sommaren – den vinterlege maimånaden til tross – berre er nokre veker unna.

Da ber det til fjells. Atter skal vi få høyre søget frå Fossåa og sjå sola gå ned bak Strengen i makalause sommarkveldar. Vi veit at Fossafjellet ligg der og lokkar som før. På Fintenkjarplassen, med utsyn til dal, tæl og tind, skal tankar få flyte fritt. Og det beste: Gleda over å vere to som får dele alle dei gode opplevingane som livet på Tæla har å by på.

Det er mykje å sjå fram til. Alt blir bra igjen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s