Myrullår i emning

Mange stader var 2016 eit myrullår utanom det vanlege. Det er mykje kvitt å sjå i år også, i alle fall her ute ved Hustadvika. På rabbar og myrer lyser det skinande kvitt.

Myrulla er ei beskjeden plante. Ho har ikkje så mykje prakt å briske seg med. Men når myrulla løftar i flokk, blir det heile rett så vakkert.

Bildet over er tatt ute på Storholmen. Det var nokså tilfeldig at eg gjekk ut av bilen akkurat her. For den som vil forevige myrulla er det flust av plassar å velje mellom.

På veg til hytta tok eg bildet under 28. juni 2016. Dei som er lokalkjente vil vite at heiter Dompene akkurat her. For fire år sidan var heile området dekt av ei myrullprakt som eg aldri før hadde sett maken til.

Blir det slik i år? Ja, kven veit. Enno ligg det snø i Dompene. Men med dei temperaturane som er spådd den komande veka, blir det fort bart. Så får vi sjå korleis myrulla ter seg etter kvart.

Ifølge Store norske leksikon veks det om lag 20 arter av myrull i tempererte eller arktiske strøk på den nordlege halvkule, og i fastlands-Norge finst det sju artar og ein hybridart. Desse er:

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s