Luksus i julikvelden

Livet smiler framleis til eremitten i Tælastuå. Klokka er over ti, og eg feirar Bodø/Glimt sitt poengtap mot Stabæk med ein utsøkt skvett Kveik IPA. Ikkje det at eg ønskjer dette sympatiske laget frå nord noko vondt. Tvert om. Men det finst grenser for alt. Dei må gjerne ta sølv – bak Molde.

Det vart litt vedhogst ut på ettermiddagen. Samvitet er dermed framleis i orden. Men innsatsen kunne sikkert ha vore betre. Eg får skulde på at det har vore vått i terrenget i heile dag. Syltynt, men det får halde.

Så er nok den eigentlege forklaringa på at latskapen får blomstre slik, når sant skal seiast, ei heilt anna. Pådrivaren for all aktivitet her oppe på stølen er ikkje med på denne turen. Mette er ikkje berre mi beste kone og min beste ven. Ho har også all den kløkt som skal til for å oppelde ein utrangert slabbedask til innsats. Eg trur nok Mette kunne ha motivert ein gråstein til å hogge ved – utan å bruke utestemme. Om ho ville.

Men nok om det. Det skal bli vinterved i år, også.

Ingenting er som å leve livet sakte. Nokre dagar i einsemd på Tæla er balsam for kropp og sjel. Nok mat og drikke, radio, kryssord, bok og verdas finaste landskap – det held i lange banar for ei enkel sjel som meg. Å vakne, og tenke den gode tanken at det ikkje er nødvendig å stå opp med ein gong. Å stå opp utan å ha ein einaste plan, anna enn å ta imot dagen slik han kjem deg i møte. Det er luksus!

Fotballen på hytteradioen held fram. Rosenborg og Viking har snart spela ferdig, og RBK leiar heilt ufortent. Vi får tru at Viking reiser seg etter smellen. Det kotengske Rosenborg unner eg lite.

Eg dempar lyden frå Lerkendal. Det durar fredeleg i omnen. Eg høyrer søget frå Fossåa, og tykkjer at dette er ein prima kveld.

En kommentar om “Luksus i julikvelden

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s