
Om fire dagar skulle vi ha vore på flyet til Kreta. Slik blir det ikkje. Koronaviruset har tatt kommandoen over liva våre.
Så i staden sit vi no i hytta på Tæla. Her skal vi vere i åtte dagar. Det er vemodig å ikkje få treffe gode vener – både norske og greske – på Kreta. Men Tæla er sjølsagt eit meir enn fullgodt alternativ. Dette er jo vårt paradis.
Av og til spør folk meg kvifor vi reiser til syden når vi har hytte på ein så fin plass i fjellet. Tæla må da vere mykje betre enn i ei badestrand?
For det første er det å reise til syden mykje meir enn å ligge på ei strand. Punkt to: Ein har godt av å kome seg ut av steinrøysa av og til. Å møte nye menneske og andre kulturar gjev kunnskap og andre perspektiv på livet. Og oppå det heile kjem ein haug med gode minne, som ein lever lenge på.
Kva er best av Tæla og syden? Eg har også fått det spørsmålet, som i mitt hovud blir like meiningsfylt som: Kva likar du best av kjøttkaker og softis?
Det eine er like bra som det andre. Men alt til si tid. Hytteliv og turar utanlands handlar om trivsel og livskvalitet. Ein set ikkje slike ting opp mot kvarandre. Folk er ikkje flinke nok til å unne seg uforpliktande friminutt. Dei går heller rundt med dårleg samvit over det dei ikkje rekk. Å vere i stand til å gje blaffen er sunt. Det er mi erfaring.
Vi ser fram til fine dagar på hytta. Programmet er lagt opp så enkelt og fleksibelt som mogleg. Livet skal få leve sitt eige liv og bestemme farten. Vi tek dagane som dei kjem.
Denne søndagen ligg skodda tjukk over landskap. Regnet silar ned. Det går så utruleg bra.
