Kan ei kvige partere ein divan?

Ein fin dag, sjøl om opphaldet på hytta ikkje starta heilt som eg hadde venta.

Spørsmålet kom kanskje litt bardus på deg, kjære lesar. Uansett: Svaret er ja.

Det har seg slik at vi dei siste åra har hatt ein gammal divan liggande under hytteverandaen. Den skulle ha vore brent for lenge sidan. Men du veit: Det ein ikkje treng å gjere i år, kan utsettast til neste år… Å utsette viktige ting til fordel for noko som er unyttig, er ein av mine spesialitetar.

Da eg nærma meg hytta i dag, forstod eg at krøtter hadde vore i området nyleg. Fersk kuskit i stien tala sitt tydelege språk. Så da eg kom fram og runda nova var eg førebudd på litt rot. Ungdyr toler t.d. ikkje å sjå verken vedstablar eller presenningar. Det har eg fått erfare fleire gongar før.

Synet som møtte meg var likevel i overkant av det eg forventa. Jau da, vedstabelen var skubba på og møkka flaut overalt. (At ikkje desse svinepelsane skit seg loddrett i hel er ei gåte, sjøl for ein fallert odelsgut). Men det var altså denne divanen. Eg trudde nesten ikkje det eg såg. Det ein gong så heiderskrona møbelet var dratt fram, partert og spreidd over eit område på i alle fall hundre kvadratmeter. Og som om ikkje det var nok: Ein bunt med netting var lirka ut frå plassen sin under verandaen, og rulla ut langt nedover stølen.

Det var nesten så eg begynte å lure på om ungdyr er intelligente vesen. Tanken vart likevel raskt forkasta, og eg gjekk tilbake til mi faste overtyding om at dette er reinspikka idiotar. Eg sa nokre stygge ord inni meg, forsøkte å puste med magen, tok meg ein pils og la ein plan. Her måtte det ryddast (farvel vedhogst).

Halvannan time seinare var området rydda og hytteidyllen gjenoppretta. Eg kunne sette meg ned og nyte den flotte haustdagen.

Eg tok ikkje bilde av hærverket. Dei som står bak fortener ikkje PR. I staden illustrerer eg den skildringa med eit motiv som viser kor fint det er på Tæla no.

Så, for all del: Livet smiler. Men eg likar ikkje dyr. Det har eg aldri gjort. At ei kvige, i sin mangel på intelligens, prøver å imponere meg med å partere ein divan endrar ingenting.

En kommentar om “Kan ei kvige partere ein divan?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s