I svarte oktoberkvelden

Vinterleg oktober på Tæla.

6-7 centimeter med snø. 2,9 grader ute og 1,1 inne. Slik møtte Tæla meg i dag. Her oppe har vi ikkje «ring hytta varm».

Og ikkje saknar eg slike avanserte installasjonar heller. For ingenting er betre enn å kome fram til Tæla i skyminga etter ein god marsj opp liene, fylle omnen med bjørkeved, tenne opp og så kjenne korleis den gode varmen fyller både ein sjølv og hytta! Sakte. Men veldig sikkert.

Når eg festar desse linene til skjermen er det kveld på Tæla. Oktobermørket omsluttar både meg og landskapet. Det er godt å vere eremitt. Framleis kan eg høyre eit svakt søg frå Fossåa. Men det går på dei siste versa av 2020-songen no. Snart må tonen vike for snø og is.

Det vart ein rar hyttesesong. Korona og uvêr tok påska. Så snødde den skjøne og milde mai ned. I midten av juni kunne vi endeleg ta den første overnattingshelga her oppe. Fire månader var det vi fekk. Hytteboka fortel at vi har bruka dei godt. Det vart ikkje så verst likevel.

Kveldsroa har senka seg over Tælastuå. Bleike lys frå Røgrenda og Tingvoll-landet når fram til stølen og minner eremitten om verda utanfor hyttebobla. Fyrlykter inn i natta. Ei flue summar plutseleg i glaskarmen – født på ny etter ein uventa dose med varmegrader. Detaljar. Små under.

Heldig er den som greier å sjå. For det er så mykje å sjå, sjølv i ein beksvart oktoberkveld.

En kommentar om “I svarte oktoberkvelden

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s