Ei veke med absurd teater

Donald Trump gjev ikkje opp kampen om presidentmakta, sjølv lenge etter at valet er avgjort. (Faksimile frå Dagbladet)

Som nybaka pensjonist har eg hatt god til til å følgje med på presidentvalet i USA – både dag og natt. Det vart ei veke med absurd teater. Mykje er sagt om Donald Trump. Konklusjonen min er denne: Måten han har handtert valet og valresultatet på vart den endelege stadfestinga av at mannen heilt manglar dei eigenskapar som skal til for å styre verdas mektigaste land. Vi får prise oss lykkelege over at det ikkje gjekk verre enn det gjorde dei fire åra han sat ved roret, og håpe at denne hensynslause narsissisten ikkje gjer overgangen til eit nytt regime i januar til eit nytt uverdig sirkus.

Joe Biden får mykje å rydde opp i. Trump har arbeidd hardt for å skape uro og ustabilitet både globalt og i eige land. Ja, det har vel eigentleg vore ein viktig del av prosjektet hans. Forklaringa på denne framgangsmåten er naturlegvis at det er lettast å få gjennomslag for ekstreme idear når folket er sinte og utrygge. For autoritære leiarar er dette barnelærdom. Slik har presidenten, utan respekt for andre enn seg sjølv, kunna gå laus på internasjonale avtalar og undergrave viktige institusjonar som NATO og FN. Alt under det nasjonalistiske mottoet «America first».

Ein kan undre seg over at Trump, med dette som bakteppe, ikkje var langt unna å sikre seg attval. Men når det altså var nær ved å skje, seier nok det meir om tilstanden i det amerikanske samfunnet enn om Trump sine evner som statsleiar. Millionar av forvilte menneske trur framleis at han er redningsmannen, og det må vi ha respekt for. I Trump sin veljarmasse er det heilt sikkert mykje bra folk – ikkje berre ekstremistar og rasistar. Likevel vil eg bruke min demokratiske rett til å meine at desse menneska tek feil. Trump sin medisin er ikkje den rette, verken for USA eller kloden. Det ligg inga form for håp i ein politikk som heile tida splittar meir enn den samlar,

Presidentvalet i USA har dominert både redaktørstyrte og sosiale media den siste tida. Når det gjeld dei redaktørstyrte, med NRK, TV2 og dei store avisene i front her i landet, let eg meg imponere av den enorme kunnskapen som er samla i desse redaksjonane. Og så utanlandskorrespondentane! Anders Magnus, Gro Holm, Fredrik Græsvik, Veronica Westhrin og fleire – du verden! I tillegg kjem dei innhyra ekspertane, som gjennom sine analyser hjelper oss til å forstå og sjå dei store samanhengane. Det har vore ein fryd å vere med på.

Sosiale media er folket sin arena, der «hvermannsen» kan lufte glede, frustrasjon, sinne og meir eller mindre velfunderte meiningar om det som skjer. Eg er ein ivrig brukar av sosiale media sjølv, og meiner at desse plattformane er verdifulle ventilar i det offentlege ordskiftet. Her er ingen for liten og ingen for stor.

Men altså: Dei er ikkje redaktørstyrte. Tvert om er kvar enkelt deltakar sin eigen redaktør. Det høyrest kanskje forlokkande ut. Men baksida – som lesarane ikkje må gløyme – er at det som kjem ut gjennom desse ventilane ikkje er kvalitetssikra på journalistisk vis. Det finst ingen redaktør som ut frå juridiske og presseetiske prinsipp tek ansvar for innhaldet. Her er det fritt fram for personagrep, løgn og såkalla fake news.

Eit av Donald Trump sine kjenneteikn er forakta for media. Ein surfar ikkje mykje rundt på norske sosiale media før ein ser at denne forakta også har smitta over på presidenten sine norske tilhengarar. Trump blir av mange framstilt som eit mobbeoffer og skyteskive i ei svertekampanje, der NRK er den store hærføraren. Redaktørane er ikkje å lite på, og journalistar blir framstilte som viljelause lakeier i jakta på «klikk» og nye oppdikta Trump-skandalar.

Folk må få meine det dei vil. Men eit tankekors bør det vere at Donald Trump med sitt syn på ytringsfridom og ei uavhengig presse bevegar seg i eit landskap som til forveksling liknar det ein viss diktator skapte på 1930-talet. Einsretting, propaganda og sensur var ein del av grunnlaget for katastrofen som skulle kome. Heldigvis hadde ikkje den nemnte diktatoren Twitter mellom hendene.

No ser eg at Donald Trump planlegg å starte sin eigen TV-kanal. Det står han sjølvsagt fritt til. Sidan over 70 millionar amerikanske stemte på Trump, skulle vel grunnlaget for suksess vere sikra. Sjåarskaren er allereide på plass, og annonsørane kjem sikkert etter. Dersom Trump prøver på eit comeback om fire år, vil kanalen bli eit viktig propagandainstrument i kampen mot andre republikanarar som måtte sikte mot presidentembetet. Og naturlegvis blir dette ein kanal kjemisk fri for mobbing og fake news! Trump-tilhengarar som er ute etter den verkelege sanninga har noko å sjå fram til.

Det er ei stund sidan eg har vore oppe på den fysiske Fintenkjarplassen. No hadde det verkeleg gjort godt med ein tur! Etter den siste veka er skolten så full av rare tankar og uverkelege inntrykk, at behovet for ei reingjering i øvste etasje kjennest nær akutt.

Men sidan det neppe ligg an til fjelltur med det første, får eg ty til anna terapi. Bloggskriving hjelper. Det same gjer ein tur på kyststien her i vakre Bud. Eg får kle på meg og ta ein tur. Veret er grått, men lyset like fascinerande som alltid. Naturen, om ein sit på eit svaberg med utsyn til Hustadvika eller med kaffekoppen oppe på Fintenkjarplassen, gjev alltid ro i kropp og sjel.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s